søndag 5. juni 2011

Tankar om hjelp, donasjon, tigging og uhjelp

Tanzania er eit rikt land med veldig mange fattige. Få sultar, men mangen har lite. Det er fort at lokale ser på oss kvite (Mzungo) som steinrike og tigger derfor om penger.

Dei ser nok for seg at vi badar i pengar, heime i rike norge.

Men sjølv om vi har pengar til overs og gjerna kan gje til folk som tiggar, så tenker eg at dette kanskje ikkje er så lurt.

Ein som får store summar ved å tigga, vil aldri klara å snu. Ho eller han vil mest sansyneleg forbli ein tiggar for resten av livet. Og det er jo ikkje noko liv?

Unnataket er folk med lepra (Dr Hansens disease, eller spedalske som vi sa i gamle dagar) og folk med ulike typar skade som gjer at dei ikkje kan jobba. Dei har ingen inntektsmogelegheit, og bør gjerne få ein mynt eller liten peng.

Så om du vil hjelpa fattige i Tanzania, så tenker eg at det kan vera viktig å ikkje gje pengar til folk som tiggar. Så kva skal du då gjør?

Handler du lokale varer og tenester av lokale folk, så er du i stor grad med på å holda hjula i lokalsamfunnet i gang. Dette er så rimeleg at du lett kan ta deg råd til å hjelpa meir. Mykje meir. Men kva kan du gjør, om det er feil å gje til folk som tiggar?

Kanskje du kan gje pengar til dei som hjelper fattige? Kirker, skular, barnehjem, etc?

Her kan kanskje Trina bidra med fleir konkrete mottakar av pengar. Poenget er er at folk må få hjelp utan å bli gjort til tiggarar og nedverdigande folk.

Ein vanskeleg balansegang, som eg tenker mykje på, mens eg er her nede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar