Viser innlegg med etiketten Aarekol IT. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aarekol IT. Vis alle innlegg

søndag 5. juni 2011

Meir pengar har kome inn

Då har eg fått logga meg på nettbanken og ser at det har kome inn meir pengar:

Malvin Svennes og Astrid Svennes Jensen har gitt 900,-
Elin Freim har gitt 500,-
LO i Odda har gitt 500,-

Vidare har eg overført 11 000,- til Peter sin bankkonto (via sånn SWIFT eller kva det heiter). Peter er han som er avbilda på framsida av HF-aftikkelen. No kom det gebyr og tull så kontoen er akkurat no med negativ saldo. Men eg trur det kjem inn enno litt pengar, for vi har ei rekning til Aarekol IT som også må betalast.

lørdag 28. mai 2011

Aarekol IT overleverte PCar på postkontoret

Mens eg stod på postkontoret i Odda for å henta ein pakke, kom Ørjan Aarekol og overleverte to bærbare datamaskiner. Stian hadde satt dei opp med engelsk Windows og sett til at alle program var popdaterte.

No gjeld det berre å få transportert maskinene trygt til Tanzania.

tirsdag 24. mai 2011

To bærbare maskiner er tinga hos Aarekol IT

Då har eg tinga to bærbare datamaskiner frå Aarekol IT.
Han leverer maskinene utan forteneste, og eg håpar på litt hjelp og støtte når maskinene kjem til Odda.

Det blei to Asus-bærbare av typen X53U-SX057V

Ikkje verst å koma med spildrande nytt datautstyr frå Odda til Mwanza. Vi får kryssa fingre og håpa og tru at utstyret får fungera lenge og vel, og at det får stå trygt.