Vi driv å diskuterer korleis datamaskinene som vi skal gje til Internettkaféen skal få lengst levetid.
Dei lokale har minimalt med kunnskap om datavirus og truslar på Internett.
Så godt som alle datamaskiner i Tanzania er fulle av virus, ormar og trojanske hestar.
Mesteparten av datamaskinene køyrer Windows XP og dei er mindre flinke enn oss nordmenn til å oppdatera, bruka antivirus og vera forsiktig.
Maskinene vi har med køyrer Windows 7 og er betre rusta mot angrep.
Det kan likevel tenkast at utstyret får avgrensa levetid med den uvørne bruken som skjer her nede.
Folk trykker i vilden sky, surfar inn på uheldige sider som sprer virus og godtek alt som popar opp på skjermen.
Eg tenkte først å gje opplæring i bruk av systemgjennoppretting, men no er eg ikkje heilt sikker lenger.
Burde vi setja maskinene opp med eit sterkare vern?
Kva for vern bør vi aktivera, og vil ikkje det gje problem med at også oppdateringar blir blokkert ute eller automatisk tilbakestillt?
Hjelp!??
Viser innlegg med etiketten Hjelp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hjelp. Vis alle innlegg
torsdag 2. juni 2011
tirsdag 24. mai 2011
Raoul ved Odda vidaregåande skule kjem med CDar og DVDar
Då har eg fått god hjelp av Raoul Mauritz Olsson ved Odda Vidaregåande skule. Han har laga CDar og DVDar med installasjonar for operativsystem og programvare for Linux. Desse skal brukast til reinstallasjon og gjenbruk av eldre datamaskiner.
Programvaren kan hentast gratis frå Internett, men i Afrika er som oftast Internett-linjene veeeeeldig treige og det blir tilnerma umogeleg å henta ned fleire Giga Byte med data.
Raoul har spart meg for fleire timar med arbeid ved å hjelpa til med dette!
Tusen takk!

Abonner på:
Innlegg (Atom)