Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

tirsdag 14. juni 2011

26 timars heimreise

Vi drog frå huset til Trine i går (måndag 13. juni) kl. 15:00 lokaltid. Det er kl. 14:00, norsk tid. Turen til flyplassen gjekk veldig fint via humpete bakvegar, pga. ein supergod sjåfør. Ein varm og god avskjed med folk eg kjem til å sakna masse, og så innsjekking på Mwanza Airport.

26 timar seinare var eg på plass hos mamma i Bergen. Pfjuh.. Flyet frå Dar es Salaam var minst tre timar seint, pga. valkanutbrott i Etiopia (sjå NRK-artikkel). Eg kom i prat med ein sveitzer som også hadde vert to veker i Mwanza, og vi drølte tida i lag.

På KLM-flyet til Amsterdam fekk eg 3-4 timars søvn, så eg har klart å halda meg vaken.

Men det blei ei heimreise i lengste laget. Neste gong håpar eg på litt smidigare heimkomst!

mandag 6. juni 2011

Første gong eg kryssar ekvator

Eg har vert mykje ute å reist og har tom. besøk Borneo. Men så vidt eg veit, har eg aldri kryssa ekvator før no. Eg oppdaga det då eg såg dette bilete på skjermen framfor meg i settet.

Folk her seier f.eks. at det er første gong ein er sub-Sahara. Også dette stemmer for min del, men det er likevel litt større å ha kryssa sjølvaste ekvator.

Folka eg har blitt kjent med her i Tanzania syns ikkje noko særs om denne linja. For dei er den jo der heile tida og dei har gjerna aldri vert utforbi sin lokale by.

Uansett er det veldig fint å vera her. Kanskje vi burde tilbringa meir tid på stadar langt vekke. Berre hugsa på at vi må bruka minst lika mykje tid på å læra av andre, som vi brukar på å belæra andre.


Her kjem vi fykande og går inn for landing i Nairobi.
Etterpå skal eg propellfly bort til Mwanza, der (peiker ivrig!!)

Flyet frå Amsteram til Nairobi

Teksten blei skriven for ca. ei veke sidan.

Elles sit eg no i sete 31D i ein Boeing 777-200ER. Det gjekk faktisk ikkje å bytta seter, då eg sjekka inn på Flesland. Til heimturen skal eg sjekka inn på Internett, sånn at eg får sitja med eit vindauga.

Det er eit ganske stort fly med 3 x 3 seterekker. Eg sit ytterst til venstre i den midterste rekka. Ved sida av meg sit ein britisk PhD-student (heiter det så?), som også skal til Tanzania. Han har vert mange gongar i Afrika og skal besøka vener, samt skriva på ei oppgava (trur eg han sa). Eg fortalte sjølvsagt kvifor eg flyr til Nairobi.


Då sa han noko lurt:

 - Ikkje sei at du skal gjer frivillig arbeid i passkontrollen!

Frivillig arbeid blir nokon gongar tolka som arbeid, og eg har jo ingen arbeidsløyve, må veta! Då er det mykje ryddigare å berre sei at eg skal "visit a friend".

Smart!

Dette får du av Kenya Air:

  • Ei puta
  • Eit pledd, pakka i ein pose (kanskje pleddet er reint?)
  • Eit hodesett til bruk med skjermen


Kenya Air har også tryggleiksinstruks på teiknspråk:


Elles sit eg å tastar på iPaden min. Får god trening i å skriva raskt på skjermtastaturet, no. Sit jo bare her å ventar på maten likevel. Så om du ikkje gidd å lesa meir, så love eg å ikkje bli lei meg, altså!

Vi fekk eit varmt handkle med litt parfyme eller noko. Eg tørka no av meg i fjeset og så prøvde eg å vaska henda med _resten_. forfriskande!

På øyrene sit dei nye Beats Studio som er fantastisk behageleg. Den aktive støydempinga fjernar ikkje all flystøy, men når eg trykker inn knappen på sida, så høyrer eg at det er stor skilnad.

Det er ein sånn talk eller listen knapp, som dempar musikken og skrur av den aktive støydempinga. Praktisk når Cheruto kjem å spør kva eg vilmha å drikka. For ho heiter visst det, ho som serverer og steller for oss på venstra sida, litt midt i flyet.


Maten på fly
Frå Bergen til Amsterdam med KLM fekk vi brødmat med påleg, menutan smør. Greit nok. Eg bad om kaffi og appelsinjus som drikke til. Etterpå fekk vi kvar vår hollandske kjeks med karamell, og meir kaffi.


Frå Amsterdam til Nairobi med Kenya Airways er det meir stil på sakene. Vi får meny og kan velga mellom tre hovudrettar:

Chicken Brest accompanied by Tagine Saus, Sweet Potaos and Red Onions

tilapia Fillet served with Red Pepper Cream Sauce and Rice with Peas

Tomato and Spinach Risotte accompanied by Grilled Zucchini and Pepper

Ikkje verst. Sjølv om vegetar fristar, går eg for kyllingen. Eg gjør visst alltid det...
Kva er forresten sånn Tilapia?

Vidare står det i menyen at vi får Green Cabbage Curry Salad til forrett og White Coco Mango Blondie til dessert.

Nais!


..ja! Og så skal vi få frukost:
Assorted Fruit Yoghurt
White Roll
Freshly baked Croisant
Butter and Preserve

Så då lurer eg på om noon veit kva dei meiner me Preserve og White Roll...




PS! Både middagen og frukosten var tilnerma uspiseleg. Den vetle mannen du ser i bakgrunnen der, er ein foredragshaldar. Eg ser eit TED.com-foredrag på iPaden min, mens eg et middag :-)



Soloppgång over Nairobi.

Tips
Passet ditt er billetten din (om du vil). Innsjekking skjer på Internett eller på ein trykkfølsom skjerm på flyplassen. Mister du boardinpasset, kan du skriva ut nytt når du er i transit (mellomlanding).

Du treng ofte meir tid enn du trur! Sjekk inn tidleg.

Kontroller avgangen på skjermane som står rundt om på flyplassen med ein gong du mellomlandar på ein transit-flyplass!
Avgangar kan bli endra og flytta. Det er ditt ansvar å skaffa deg informasjon! Det som står på boardingpasset kan veldig gjerna vera utdatert.

Passkontrollkøar med mest vestlege går typisk dobbelt så fort som ein kø med mange ikkje-vestlege reisande.

Det hastar ikkje med å komma seg inn i flyet først. Ventetida før avgang blir uansett for lang. Men kjem du sist, får du kanskje ikkje plass til bagasjen i hattehylla.

Du blir tørst på lange flyreiser! Takk ja til så mykje vatn og jus du klarer, og spør om å få meir.

Flyplassen i Amsterdam

Innlegget blei skriven for snart ei veka sidan:

Amsterdam er ein diger flyplass og du må rekna deg god tid. Det tar fort eit kvarter eller meir å rasgå frå gaten der du lander og til gaten neste fly går fra.

Det er alle dei vanlige taxfree-butikkane, samt Holland-ting som tresko, tulipanar og kjeks med karamell.

Eg gjekk forbi noko som såg ut som militær- eller anti-terrorpoliti. Dei gjekk med automatvåpen, type maskingevær. Ganske skummelt spør du meg... Eg turte f.eks. ikkje å spør dei kvifor dei bar bevepna ;-)

På ein elektronikkbutikk kjøpte eg meg kameraveske. Det er ei origina Leica-veske i brunt skinn. Den er liksom veldig  safari-aktig. Og den var dyr: €79.99


Men eg har berre det vetla Leica D-Lux 5-kameraet med meg på turen, og då gjeld det å passa godt på det, må veta. :-)

Vidare øvde eg meg på å pussa tenna med flaskevatn. Det gjekk heilt fint, og eg tenker det blir måten å gjer det på når eg kjem fram. Ubeskriveleg deilig å pussa tenna og å få frisk og god smak i munnen når ein er ute på langtur!

søndag 5. juni 2011

Lene frå Bergen, på veg til Kilimanjaro

På veg ut av Kenya Air-flyet frå Amsterdam, traff eg Lene frå Bergen. Det var tidleg morgon og flyet skulle snart inn for landing i Nairobi. Eg spotta ei blond jente med norsk apotek-pose i handa og spurte om ho var på langtur og kanskje på veg til Dar es Salam. Nei-nei, ho skulle til Kilimanjaro og besøka venner :-)

Lene fortel at ho har jobba i Tanzania i tre månadar. Ho er hjelpepleiar og har jobba på barnehjem og med sjuke i Tanzania. Så etter tre månadar i dette venlege og varme landet, måtte ho nesten bruka ferien sin på å dra ned igjen.

Ho har samla mengder med praktiske ting, gåver og leiker som ho har med i bagasjen. Akkurat som meg, har ho to heilt fulle innsjekka koffertar som går akkurat litt over grensa. Resten har ho i handbagasjen, og for å sleppa vanskelege spørsmål på veg inn og ut av flya, har ho skaffa seg nokre Tax-Free-posar som ho har tinga oppi. Smart!

Vi prater oss ut av flyet og inn på Nairobi International Airport. Ho tar oss bort til skjermen som visar flyavgangane og eg følger ho til hennas gate. Vi blir ståande å prata ei stund, og ho lærer meg eit ord på swahili:

Mzungo

Det betyr kviting. Når eg er ute å går, roper gjerne ungar mzungo etter meg. Eg kan også presentera meg sjølv som mzungo når eg møter folk, og då ler dei masse. Og ein selgar som kom på døra for å selga frukt fekk sjå meg i tilnerma bar overkropp. Han blei såklart heilt forfjamsa, og då lo Trine og eg og sa sånn; han fekk såfall mzungo-dosen sin, eller "to much muzongo" ;-)

Men, ja.. Lene og eg utveksla adresser og ho for gjennom tryggleikssjekken med all handbagasjen sin. Så no må eg inn å lesa på bloggen hennas, og kanskje ho tom. kjem med ein og annan kommentar, her :-)

torsdag 2. juni 2011

Turen frå Nairobi

Eg blei sitjande å skriva ein del om reisa på flyturen frå Amsterdam til Nairobi. Teksten ligg på iPaden min, og den har eg ikkje fått kopla på nett enno.

Så då kjem det informasjon om den delen av turen seinare.

Flyet du ser, står langt ute på ein av rullebanane på flyplassen i Nairobi. Eg kom med Kenya Airways og flyr vidare med Presision Air. Det vetle propellflyet var nytt og moderne, men uansett kjenner ein seg litt utrygg når ein humpar avgarde med propellar som surrar rett utforbi vindauga.

Flyet fyk elegant over den digre Victoria Lake og eg fotograferer så mykje eg kan. Vi går inn for landing, og alt går fint. Ut av flyet er det sjølvsagt brennheitt og steikande sol. Først får vi uttelt imigrasjonsskjema som vi må fylla ut. Før vi slepp inn i ankomsthallen (som på ingen måte kan seiast å vera ein hall) må vi bevisa at vi har vaksine mot gul feber. Eg fiskar fram det vetle gule heftet med stempel og signatur frå legen min i Odda. Kontrolløren godtek dette etter nøye inspeksjon og ber meg gå inn.



Inne i ein trang gang står vi og prøver å få fyllt ut skjemaet oppetter ein vegg, på ryggen til den ein reiser med, eller på huk med passet som skrivebakgrunn (som eg gjor). Heile tida kjem folk ut og inn av dører så passasjerar må prøva å flytta seg og klemma seg saman, for at funksjonærar får passera.

Fyren eg sat ved sida av i Kenya Air-flyet tipsa meg om å ikkje nemna noko om 'frivillig arbeid'. Det er jo ikkje lov å arbeida utan 'work permit' og jo meir informasjon eg gjev, jo meir trøbbel kan eg få. Eg oppgjev difor at eg er turist, men har same problem som då eg skulle inn til USA; eg har ikkje noko hotell. Eg må difor oppgje Trine som lokal kontakt og hennas adressa som destinasjon.

Dette var vist ikkje heilt greitt. Eg blir bedt om å venta. Dei spør kva eg skal, og eg fortel at eg turist. Dei spør om Trine er eit "company" og eg insisterer på at Trine er ein person. Imigrasjonsoffiseren spør om han kan ringa til ho, og eg seier at "Shure, shure! Call her! The number is on the firm there", mens eg peikar og smilar så venleg eg kan. Han les opp nummeret og ber meg stadfesta (som om eg hugsar Tanzanianummeret utanom ;-p men eg lyg litt og seier; "Yes, yes. That is correct!".

Eg sender Trine ein SMS og fortel at eg insisterer på at eg er turist og at om dei ringer til ho, så må ikkje ho seia noko anna enn at eg faktisk er der som turist.

Eg hadde ikkje lagt nokon pengar i passet, og ser at andre reisande gjer dette.
Dei legg $100 i passet, leverer papirene og slepp raskt forbi. Eg blir ståande igjen.
Når alle er forbi, peiker ein på mine papir som ligg innforbi glaset i skranken. "Yes, now this one". Han ringer til Trine og spør om ho er i Mwanza og om ho kjenner ein "Mr. Hakon". Eg trur eg kan høyra Trine igjennom telefonen som tydeleg er uroleg og seier noko sånt som; "Don't mess with my friend!".

Han opnar døra og seier strengt; "You, come inside! Sit down!".

Ved skrivebordet sit ei dame, som kanskje er sjefen for kontoret. Ho spør meg på ny; "Why are you here?". Eg venter litt mens eg ser ho i augene. Smilar venleg og seier; "I am here to visit your beautiful country".

Det var vist nøkkelen til sukess. Dama mjukna, smiler tilbake og seier; "Sorry, sorry" og "You are most welcome". "You pay $50", seier ho. Klart det :-) Eg skal gledeleg betala den rette summen for innreisevisum, får kvittering og blir hansama fint av dei som for litt sida hadde vert så strenge og tydeleg meint at eg var mistenksom.

For sant? Om eg skal "visit a company", så må eg betala $100 for visum. Om eg er turist, slepp eg unna med $50. Så kanskje dei trudde eg lurte dei og ville prøva å mørna meg litt, sånn at eg røpte noko.

For all del. Eg syns ikkje dette var ille-ille, bare litt spennande. Utlendingar som kjem til vårt land blir nok grilla enno hardare enn dette, så eg tenker at dette er nok det minsta eg bør kunna akseptera.

Historia om bagasjen får eg kanskje skriva meir om seinare, for no skal Rolf bruka nettet til å sjekka inn bagasjen sin.


Lånt tilgang til min eigen PC

Då er eg på kontoret der Trine jobbar og har fått lov til å kopla min medbrakte datamaskin til Internett. Herlig! Endeleg skal eg få posta litt, sjekka ting og jobba litt. Det er ein del ting vi vil sjekka opp, mtp. Internett-prosjektet, samt at eg sjølvsagt har mengder med informasjon om opplevingar frå reisa så langt.

Men no: Lønsj!

tirsdag 31. mai 2011

Paa plass i Mwanza

Daa er eg trygt paa plass i Mwanza og skriv paa ein Windows-maskin utan norske teikn.

Ein time etter landing, er eg paa jobben til Trine og laerer og laerer vekk. Trine fortel og eg fotograferer og filmar. Det er faktisk veldig spennande. I alle fall for meg. Kanskje Trine syns det er kipt her, og kanskje det er fordi det er mange positive proevar og det likar vi jo ikkje... Men det er nok ogsaa litt fordi rutinar er daarlige, samanlikna med norske forhold.

I visumkontrollen var det ein del kroell. Men eg var stanhaftig og insisterte paa at eg var turist og til slutt godtok dei det og _slapp meg inn_ mot eit Visum-gebyr paa $50.

Om eg er paa jobb-oppdrag her, skal eg betala $100, ser du.
Ja, og saa kom ikkje flight casen fram.
Eg manglar mao. eit kolli.
Vi gjoer ingen stor sak av det no, bare at vi skal kontakta KLM og hoeyra om dei kan spora den opp.
Paa flyplassen i Mwanza kan dei ikkje soeka opp forsvunne bagasje, berre melda ting borte.
Naar (om) den dukkar opp, skal dei ringa til Trine og saa skal eg faa tilbake bagasjen som mangla.

mandag 30. mai 2011

Nydusja og klar til å dra til flyplassen

Då blir det ganske mange timar til neste gong eg ser ein dusj. Alt er vist klart no, og eg drar til flyplassen om litt. Då skal bagasje sjekkast inn og så skal det ventast...
Planen er å eta middag mens eg venter på flyet, for då har eg i det minsta noko matnyttig å drøya tida med.

Så i morgon tidleg er eg kanskje i Mwanza!

Weeeeeee..........

søndag 29. mai 2011

På plass i Bergen

Då er eg på plass i Bergen.
Eg prøvde å sjekka inn bagasjen på Flesland no i kveld, men det gjekk ikkje med KLM. F.eks. lar SAS oss sjekka inn bagasjen dagen før, men KLM er ikkje på plass før to timar før avreise.

Elles har eg 8,5 kg med handbagasje og 2 x 23 kg med bagasje som skal sjekkast inn.

lørdag 28. mai 2011

Koffert nr. 2 på plass!

Då fekk eg ordna med ein mjuk koffert med lett vekt og maks volum. No gjenstår det å finna ut kva som går kvar, utan at det blir overvekt.

Thor Helge har akkurat vert ute å reist, og fortel at han blei presentert for eit gebyr på 90 USD ved overvekt.
Det er langt rimelegare med eit 3. kolli, faktisk.

Oppblåsbar nakkestøtta

Her er enno ein ting som eg aldri før har prøvd. Det er ei oppblåsbar nakkestøtta eller puta. Den tek liten plass og veg lite. Flyet frå Amsterdam går om natta, og eg må uansett sova. Så då får eg testa ut om desse oppblåsbare greiene, som eg ser mange på reise har med seg, faktisk fungerer.

fredag 27. mai 2011

Reisehatt er kjøpt inn

Er det lurt å ha eigen hatt, når ein er på tur?

Eg trur det!

Eg har sett at andre oppdagarar som Kristoffer Colombus, Indiana Jones og sjølvaste 'Crocodile' Dundee har hatt. Då må nesten eg også ha hatt ;-)

Reisetannkost til transit-bruk

Med nattflyging og fleire transit-stopp, trur eg trongen til tannpuss kjem snikande. Tannkremen må vel leggjast synleg i ein plastpose og takast ut for kvar tryggleikssjekk. For tannkrem vert vel rekna som flytande innhald?

For når ein vaknar grytidleg i eit flysete og skal ut i ein transit- eller avgangshall på ein afrikansk flyplass, så er det kjipt at toalettveska ligg i den innsjekka bagasjen.

Dette blir første gong eg tek tannkost med ombord i flyet. På alle flyreiser eg har hatt til no, har eg passert sjekkpunkta utan noko flytande innhald.

Trine fortel forresten at du får ta med flasker med vatn forbi sjekkpunkta på afrikanske flyplassar, men at du må ta ein slurk av flaska for å bevisa at det er drikkande innhald.