Viser innlegg med etiketten Teknisk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teknisk. Vis alle innlegg

mandag 6. juni 2011

Få tekst frå iPad utan Internett


På flyet til Nairobi skreiv eg ein del til bloggen. Eg hadde mykje tid å slå i hel, og skreiv ganske mykje. Notata eg skreiv har lagt innelåst i ein aplikasjon som heiter Springpad.

Normalt synkroniserer eg alt som ligg i Springpad-appen via Internett, så alle notata blir tilgjengeleg på datamaskina og på www.springpadit.com

Men no har eg ingen tilgang til Internett, verken på iPaden eller den bærbare Apple-maskina eg har med.

Om eg får teksten over på ein minnepenn, så kan eg bruka Trine sin maskin, for ho har lokalt mobilt breiband som virker av og til :)

Eg lurte ein del på korleis eg skulle få informasjonen ut av iPaden.
Ikkje kan eg plugga minnepinne i iPaden og lagre informasjon på den måten.

Så kom eg på at eg kan synkronisera iPaden mot iTunes-programmet i Apple-maskina. Men informasjonen som ligg i Springpad blir ikkje synkronisert til datamaskina. Den appen støttar vist berre synkronisering direkte mot Internett.

Eg prøvde ulike formar for notat, og endte til slutt opp med å lagra teksten (merk alt, kopier, lim inn) som notat på ein kontakt i kontaktregisteret.

Alle kontaktane i iPaden blir synkronisert til kontakter-programmet i Applemaskina, og kvart kontaktkort har eit notatfelt med plass til store mengdar tekst.

Så då måtte eg først leggja teksten inn som not at på kontakten i iPaden, synkronisera via iTunes og så opna kontakt-programmet på Apple-maskina.

Til slutt fekk eg opp kontakten med masse tekst i notatfeltet og fekk kopiert den over som fil på minnepinne og no er eg klar til å publisera meir info om turen :-)

Mykje arbeid for ganske så lite…
Ting er faktisk enklare med tilgang til Internett ;-)

torsdag 2. juni 2011

Hjelp! Treng råd og diskusjon om trygging av Windows-PCar

Vi driv å diskuterer korleis datamaskinene som vi skal gje til Internettkaféen skal få lengst levetid.

Dei lokale har minimalt med kunnskap om datavirus og truslar på Internett.
Så godt som alle datamaskiner i Tanzania er fulle av virus, ormar og trojanske hestar.

Mesteparten av datamaskinene køyrer Windows XP og dei er mindre flinke enn oss nordmenn til å oppdatera, bruka antivirus og vera forsiktig.
Maskinene vi har med køyrer Windows 7 og er betre rusta mot angrep.
Det kan likevel tenkast at utstyret får avgrensa levetid med den uvørne bruken som skjer her nede.

Folk trykker i vilden sky, surfar inn på uheldige sider som sprer virus og godtek alt som popar opp på skjermen.

Eg tenkte først å gje opplæring i bruk av systemgjennoppretting, men no er eg ikkje heilt sikker lenger.

Burde vi setja maskinene opp med eit sterkare vern?

Kva for vern bør vi aktivera, og vil ikkje det gje problem med at også oppdateringar blir blokkert ute eller automatisk tilbakestillt?

Hjelp!??