Viser innlegg med etiketten Tankar om ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tankar om ting. Vis alle innlegg

mandag 6. juni 2011

Alt ein saknar men kanskje ikkje treng likevel

Det er mykje ein saknar når ein er vekke frå dei vante og daglegdagse tinga. Men så går det to dagar og så finn eg ut at eg ikkje trengte det likevel. Ganske grei erfaring, i grunn.

Heime har vi kanskje lagt oss til ein vane der alle ting som kan kjøpast eller skaffast for å løysa eit problem, skal kjøpast. Så fort som råd. Og når det kjem til eit stykke, så trengte vi det nok ikkje så veldig, likevel.

Ein kan klara seg med så lite, og heller fokusera på dei tinga ein verkeleg treng.

Eg har til dømes med meg chilinøtter og Bixit-kjeks. Det løyser så absolutt mesteparten av behovet for maten og snacksen eg plar meska meg med når eg er heime.

Likevel kjem eg til å setja pris på Superchips med rømmedipp, når eg kjem heim!

Første gong eg kryssar ekvator

Eg har vert mykje ute å reist og har tom. besøk Borneo. Men så vidt eg veit, har eg aldri kryssa ekvator før no. Eg oppdaga det då eg såg dette bilete på skjermen framfor meg i settet.

Folk her seier f.eks. at det er første gong ein er sub-Sahara. Også dette stemmer for min del, men det er likevel litt større å ha kryssa sjølvaste ekvator.

Folka eg har blitt kjent med her i Tanzania syns ikkje noko særs om denne linja. For dei er den jo der heile tida og dei har gjerna aldri vert utforbi sin lokale by.

Uansett er det veldig fint å vera her. Kanskje vi burde tilbringa meir tid på stadar langt vekke. Berre hugsa på at vi må bruka minst lika mykje tid på å læra av andre, som vi brukar på å belæra andre.


Her kjem vi fykande og går inn for landing i Nairobi.
Etterpå skal eg propellfly bort til Mwanza, der (peiker ivrig!!)

Få tekst frå iPad utan Internett


På flyet til Nairobi skreiv eg ein del til bloggen. Eg hadde mykje tid å slå i hel, og skreiv ganske mykje. Notata eg skreiv har lagt innelåst i ein aplikasjon som heiter Springpad.

Normalt synkroniserer eg alt som ligg i Springpad-appen via Internett, så alle notata blir tilgjengeleg på datamaskina og på www.springpadit.com

Men no har eg ingen tilgang til Internett, verken på iPaden eller den bærbare Apple-maskina eg har med.

Om eg får teksten over på ein minnepenn, så kan eg bruka Trine sin maskin, for ho har lokalt mobilt breiband som virker av og til :)

Eg lurte ein del på korleis eg skulle få informasjonen ut av iPaden.
Ikkje kan eg plugga minnepinne i iPaden og lagre informasjon på den måten.

Så kom eg på at eg kan synkronisera iPaden mot iTunes-programmet i Apple-maskina. Men informasjonen som ligg i Springpad blir ikkje synkronisert til datamaskina. Den appen støttar vist berre synkronisering direkte mot Internett.

Eg prøvde ulike formar for notat, og endte til slutt opp med å lagra teksten (merk alt, kopier, lim inn) som notat på ein kontakt i kontaktregisteret.

Alle kontaktane i iPaden blir synkronisert til kontakter-programmet i Applemaskina, og kvart kontaktkort har eit notatfelt med plass til store mengdar tekst.

Så då måtte eg først leggja teksten inn som not at på kontakten i iPaden, synkronisera via iTunes og så opna kontakt-programmet på Apple-maskina.

Til slutt fekk eg opp kontakten med masse tekst i notatfeltet og fekk kopiert den over som fil på minnepinne og no er eg klar til å publisera meir info om turen :-)

Mykje arbeid for ganske så lite…
Ting er faktisk enklare med tilgang til Internett ;-)

lørdag 28. mai 2011

For tre veker tilbake...

Kvar var vi for tre veker sidan?
Mor mi lurte på kor lenge eg hadde holdt på med detta prosjektet, og då måtte eg begynna å tenka. Eg kom faktisk på idéen om å besøka Trine for tre veker sidan. Ting går fort, mao.

Då eg tenkte eg skulle få til ein tur til Afrika for å besøka Trine, tenkte eg på kva eg kunne bruka som unskjuldning. Eg las litt meir i bloggen hennas, og såg at ho prøvde å få folk til å gje blod. Så sendte eg avgarde ei melding på Facebook der eg spurte om kanskje eg kunne koma ned der for å gje blod.

Ho svara då at ho heller ville ha hjelp med å byggja opp ein lokal Internettkafé, og etter tre veker er eg faktisk på veg. Alle mogelege ting har lete seg ordna, mykje takkavera innsats frå Helge Tverdal, samt alle som har støtta og hjelpt til.

Snålt å tenka på at eg ikkje ante noko om dette for berre fira veker sidan.

Illustrasjonen er laga via nettsida timeanddate.com