Då har det kome inn enno meir støtte til enkeprosjektet i Mwanza:
Ingvild Ystanes: 500,-
Gry Eike: 500,-
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum: 1000,-
Desse pengane gjer det mogeleg å betala den uteståande summen på kr. 1000,- hos Aarekol It Kompetanse, då dei bærbare datamaskinene vi kjøpte inn kosta litt meir enn kr. 3000,- per stykk.
Restbeløpet må vi finna ein god måte å gjer nytte av.
Anten ved å bidra i prosjektet når litt tid har gått, eller ved å donera restbeløpet til formål knytt til Mwanza, Tanzania eller andre sine tilsvarande hjelpeprosjekt. Kom gjerne med tips og innspel.
Viser innlegg med etiketten Sponsing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sponsing. Vis alle innlegg
onsdag 22. juni 2011
søndag 5. juni 2011
Meir pengar har kome inn
Då har eg fått logga meg på nettbanken og ser at det har kome inn meir pengar:
Malvin Svennes og Astrid Svennes Jensen har gitt 900,-
Elin Freim har gitt 500,-
LO i Odda har gitt 500,-
Vidare har eg overført 11 000,- til Peter sin bankkonto (via sånn SWIFT eller kva det heiter). Peter er han som er avbilda på framsida av HF-aftikkelen. No kom det gebyr og tull så kontoen er akkurat no med negativ saldo. Men eg trur det kjem inn enno litt pengar, for vi har ei rekning til Aarekol IT som også må betalast.

søndag 29. mai 2011
Statusoppdatering om pengestøtte
Pengane frå kommunen har ikkje dukka opp på kontoen enno, så eg får ta ein telefon til Ivan på økonomiavdeligna i morgon.
11 000,- er gitt i form av utstyr
4 000,- er gitt kontant
5 000,- er kome inn på bank-kontoen
Blandt dei siste som har gitt, finn vi:
Jarle Bryn - 200,-
Asle Frantzen - 200,-
..og 500,- som er pengar frå kles-sal på Frivilligsentralen (kjolar og klær som Trine etterlot, etter å ha solgt kjolar i gågato).
Når pengane frå kommunen er på plass, har vi kome opp i ein total på kr. 25 000,-
Hurra!
Hurra-hurra-hurraaaaa!!!

Søskenebarntreff gav 3 500,-
Det har vert eit søskenebarntreff i Bay-slekta med ulike aktivitetar, sal og kronerulling. Til saman kom det inn kr. 3 500,- som Reidun har teke vare på.
Veldig kjekt at så mange gjev så mykje!
Dette opnar opp for fleir mogelegheiter og aktivitetar i samband med Internettkaféen.
Tusen takk :-)
Veldig kjekt at så mange gjev så mykje!
Dette opnar opp for fleir mogelegheiter og aktivitetar i samband med Internettkaféen.
Tusen takk :-)
lørdag 28. mai 2011
Kensington-lås til sikring av utstyr
Eg fekk kjøpt inn nokon låsevaiere til bruk i bærbare datamaskiner sin Kensington-låseplugg. Dette er eit lite spor eller hakk i sida av den bærbare Windows-PCen din, som er sikra med ei lita stålplate på innsida.
Her kan du låsa maskina med den her type vaier.
Det skal vera umogeleg å knakke av låsen i sjølve maskina, så om nokon skal stela den, må dei nesten klyppa eller saga over vaieren.
Ulempa med denne løysinga, er at ein mister nøkkelen.
Vi får sjå... kanskje går det bra :-)
Utstyret er kjøpt inn og donert av HardangerNett

Rimelege hodesett til sal i kaféen
Eg kom over nokon rimelege hodesett som eg tenkte kanskje kunne selgast til kundane i kaféen. Det var tilbodsvarer frå ein av leverandørane til HardangerNett og dei kosta nokon tiarar per par.
Kvaliteten skal vera veldig god, og dei kan kanskje koma til nytte.
Dei er såfall heilt nye.
Kvaliteten skal vera veldig god, og dei kan kanskje koma til nytte.
Dei er såfall heilt nye.
Innbruddsalarm og stiftar blei sponsa
Heidi M. Tverdal kom med to innbruddsalarmting, samt kabelstiftar til opphenging av kablar. Eg fekk ikkje lov til å betala for dette, for det var Heidi sitt bidrag til prosjektet.
Kr. 377,50 i støtta!
Tusen takk til Heidi!
Kr. 377,50 i støtta!
Tusen takk til Heidi!
Teknikkverktøyssett
Då har eg skaffa eit lite sett med verktøy som kan koma til nytte når ein skal gjer teknisk arbeid på elektronisk utstyr.
Setter er kjøpt inn og sponsa av HardangerNett
Setter er kjøpt inn og sponsa av HardangerNett
torsdag 26. mai 2011
Beats™ by Dr. Dre™ Studio™ High Definition Powered Isolation Headphones
For at eg skal sleppa den evindelege støyen og susen som er ombord i fly, har mor mi valgt å sponsa meg med mesteparten av kostnaden for eit sett med støydempande øyrehøgtalarar. Dette er vist nok noko av det beste på marknaden, og eg håpar dei vil gjer at flyturane vert langt meir behageleg.
Dei går på batteri, og ein liten microfon fangar opp sus og støy på utsida av klokkene. Lyden vert snudd, sånn at høgtalaren inni klokkene får det til å bli stille, sjølv i kraftig suselyd ombord i fly.
Himmelsk!
Eg gler meg til å få teke i bruk det nye hodesettet, og skal sjølvsagt få gitt mamma ein knakande god klem som takk :-)

Heilt nye USB-mus er skaffa
Då har eg fått tak i fira heilt nye mus med kabel. Sjølv om trådlaus er kjekt, vil nok det vera smartast å ha ledning eller kabel på datamusa i kaféen.
Ei mus med kabel har ingen batteri som går tom, og er vanskelegare å stikka av med, eller rota bort.
Også dette utstyret er gitt av HardangerNett.
Ei mus med kabel har ingen batteri som går tom, og er vanskelegare å stikka av med, eller rota bort.
Også dette utstyret er gitt av HardangerNett.
onsdag 25. mai 2011
Trådlaus ruter og gigabit-switch frå Cisco
Då har det kome inn trådlaus ruter og gigabitswitch av merket Cisco. Dette er utstyr som HardangerNett kjøper inn til prosjektet. Vi snakkar her om nyaste versjon av utstyr som er uopna og ubrukt.
Det er kjekt å kunna vera med å dra i gang ein Internettkafé der alt utstyret er nytt.
Vi får håpa på at dette gjer at levertida blir lenger, samstundes som vi får tru at utstyret ikkje vert stelt og solgt...
No likar vi HardangerNett, no! :-)

Meir sponsing frå privatpersonar
Etter oppslag i lokalavis og intervju på radio, har det tikka inn med støtte frå fleire private. Den eine sponsinga på kr. 200,- i forrige blogginnlegg om privatpersonar er no blitt identifisert. Det var Margit Iren! Tusen takk!
Vidare har det dukka opp pengegåver frå:
Vidare har det dukka opp pengegåver frå:
- Wenche Hugnastad - 500,-
- Marit Bleie Mannsåker og Sylfest Lomheim - 1 000,-
- Elin Myran - 200,-
- Leander til Elin - 200,-*
Nettverksutstyret som HardangerNett sponsar med, blir rekna til å ha ein verdi på kr. 2 500,-
Ny totalsum er då oppe i kr. 20 600,-
*) Øremerkte pengar, sånn at born også skal få glede av Internettkaféen!
*) Øremerkte pengar, sånn at born også skal få glede av Internettkaféen!
Odda kommune gjev kr. 5 000,-
Då kom den gledelege meldinga frå ordførar Gard Folkvord om at Odda kommune gjev fem tusen norske kroner til prosjektet. Den største enkeltstøtta til no!
Pengane kjem som eit resultat av innsatsen Helge Tverdal har lagt ned. Han har stått på og agitert for prosjektet og for at folk skal støtta. Det var Helge som kontakta ordføraren, og no kom altså svaret:
På vegne av Odda kommune har jeg gleden av å meddele vår støtte til prosjektet med NOK 5.000. Beløpet er innenfor ordførerens bevilgningsfullmakt og forutsetter ingen videre saksbehandling. Ivan Jakic ved økonomiavdelingen får derfor kopi av mailen slik at utbetaling kan skje umiddelbart. Odda kommune ønsker Håkon Tverdal lykke til på reisen og med prosjektet. Odda kommune vil heller ikke ha noe i mot om vi omtales i den videre fokuseringen av saken.
Med vennlig hilsen
Gard Folkvord
Ordfører i Odda
Eg vart også oppringt av Ivan på økonomikontoret som ville ha stadfesta kontonummer, etc. Han skulle få overført pengane i løpet av morgondagen! Fantastisk!
Eg veit kva Trine Bay ønskjer seg for desse pengane.
Trine vil kjøpa inn ein multifunksjonsmaskin for utskrift, skanning og kopiering.
Ei sånn maskina vil kunne gje ekstra inntekstsmogelegheit for dei som skal driva Internettkaféen.
Hurra for Odda kommune!
Hurra for Gard Folkvord!
tirsdag 24. mai 2011
HardangerNett sponsar nettverksutstyr
Det tekniske utstyret som skal til for at ein Internettkafé skal koma på beina blir sponsa av arbeidsgjevaren min, HardangerNett AS. Noko av det utstyret som prosjektet får er:
- Ruter
- Switch
- WiFi-utstyr
- Nettverkskablar
- Overspenningsvern
Utstyret er nytt og moderne, og veg lite. Tak til HardangerNett for utstyr og støtte!
Lik HardangerNett på Facebook:
Travelent Hardanger Reisebyrå kjem med kr. 500,-
Då melder Helga S. Tverdal som driv vårt lokale reisebyrå, at Travelnet Hardanger Reisebyrå gjev kr. 500,- til prosjektet. Då er representantar for handelsstanden i Odda også på bana.
Det er reisebyrået som hjelper med flybillettar og praktiske ting rundt reisa, og her skal Inger Helene ha ein stor takk. Tålmodig og blid, hjelper ho til med endringar, vurderingar og får til slutt på plass den endelege reiseruta.
Lik Hardanger Reisebyrå på Facebook:

Knut Kvandal sponsar den andre PCen
Eg tenkte at eg skulle leggja fram forslag om å få vinlotteriet i Næringshagen til å gå inn med tusen kroner i sponsing. Eg førebudde informasjon med bilete og sendte rundt til dei frammødte i lønsjen. Før eg rakk å stilla spørsmålet om vinkassen ville bidra, kom Knut Kvandal og sa at han ville kjøpa den andre datamaskina.
Ingeniør Knut Kvandal AS sponsar altså prosjektet med kr. 3 000,-
Det var veldig kjekt, og gjor at vi no har dekka utgifter for to enkle bærbare.
Stor takk til Knut Kvandal som er så raus!
Ingeniør Knut Kvandal AS sponsar altså prosjektet med kr. 3 000,-
Det var veldig kjekt, og gjor at vi no har dekka utgifter for to enkle bærbare.
Stor takk til Knut Kvandal som er så raus!
Sponsing frå privatpersonar
Helge Tverdal var den første som kasta seg på sponsinga frå private. Han gav lika godt ein heil tusenlapp til prosjektet. Overveldande, spør du meg! Etter det har også fleire andre vert med å sponsa. Her er ei lista som nesten er oppdatert:
- Helge Tverdal - 1 000,-
- Gro Tyssedalstveit Kollbotn - 100,-
- Jens Christian Børke - 200,-
- Monica Hansen - 200,-
- Margit Iren Selje - 200,-
- Harald Hognerud - 500,-
Pengane tikkar inn til kontoen og eg må få gjennta at eg er overvelda!
Kontonummer for sponsing
Etter at eg fortalte på Facebook at Odda Rockeklubb hadde kjøpt den første bærbare PCen, fekk eg spørsmål om kva bankkonto privatpersonar kunne bruka for å sponsa.
Eg fekk då laga ein eigen bankkonto for Internettkaféprosjektet:
Eg fekk då laga ein eigen bankkonto for Internettkaféprosjektet:
- 1203.38.61557 (DnB NOR)
Dei som har lyst til å spytta i ein hundrings eller to, er veldig velkomen til å setta pengar inn der.
Pengane kjem godt med til utstyr som trengs i Internettkaféen.
Obs! Om du ønskjer å vera anonym, må du melda frå om dette!
Sponsing frå Odda Rockeklubb
Utan positive svar frå verksemdene eg trudde ville vera med på sponsinga, gjekk vidare til andre. Ein kan ikkje gje opp når ein møter litt motstand. Historia vart fortalt i ulike fora og ganske overraskande kom Kirsten Gundersen med melding om at Odda Rockeklubb ville kjøpa den første maskina.
Odda Rockeklubb støttar prosjektet med kr. 3 000,-
Det var totalt uventa og veldig kjekt. Tenk at ein lokal rockeklubb går inn med heile 3 000,- i sponsing til prosjektet. Fabelaktig!
Stor takk til Odda Rockeklubb!

mandag 23. mai 2011
Trine treng to datamaskiner til prosjektet
I blogginnlegget "Bygger internett-kafè!" skriv Trine om utstyr som trengs til prosjektet. I staden for å dra ned øydelagd datautstyr, prøver eg å få tak i sponsing til to nye bærbare maskiner.
Nye bærbare datamaskiner kostar typisk frå kr. 3 000,- til 5 000,- og målet var først at to store lokale firma kunne sponsa ei maskina kvar, men det gjekk vist ikkje så lett. Dein eine sjefen var på ferie og den andre måtte setja seg grundig inn i saka først (noko som tek alt for lang tid).
Meir om korleis det gjekk med sponsinga seinare.
Faksemile frå Trine sin blogg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)