tirsdag 31. mai 2011

Paa plass i Mwanza

Daa er eg trygt paa plass i Mwanza og skriv paa ein Windows-maskin utan norske teikn.

Ein time etter landing, er eg paa jobben til Trine og laerer og laerer vekk. Trine fortel og eg fotograferer og filmar. Det er faktisk veldig spennande. I alle fall for meg. Kanskje Trine syns det er kipt her, og kanskje det er fordi det er mange positive proevar og det likar vi jo ikkje... Men det er nok ogsaa litt fordi rutinar er daarlige, samanlikna med norske forhold.

I visumkontrollen var det ein del kroell. Men eg var stanhaftig og insisterte paa at eg var turist og til slutt godtok dei det og _slapp meg inn_ mot eit Visum-gebyr paa $50.

Om eg er paa jobb-oppdrag her, skal eg betala $100, ser du.
Ja, og saa kom ikkje flight casen fram.
Eg manglar mao. eit kolli.
Vi gjoer ingen stor sak av det no, bare at vi skal kontakta KLM og hoeyra om dei kan spora den opp.
Paa flyplassen i Mwanza kan dei ikkje soeka opp forsvunne bagasje, berre melda ting borte.
Naar (om) den dukkar opp, skal dei ringa til Trine og saa skal eg faa tilbake bagasjen som mangla.

mandag 30. mai 2011

Multimedia message

Eg glømte så klart solbrillene mine i bilen, og då var mamma rask med å kjøpa nye til meg, i Narvesenkiosken på Flesland.

Nydusja og klar til å dra til flyplassen

Då blir det ganske mange timar til neste gong eg ser ein dusj. Alt er vist klart no, og eg drar til flyplassen om litt. Då skal bagasje sjekkast inn og så skal det ventast...
Planen er å eta middag mens eg venter på flyet, for då har eg i det minsta noko matnyttig å drøya tida med.

Så i morgon tidleg er eg kanskje i Mwanza!

Weeeeeee..........

Skulle gjerna vert heima å hjelpt til, i dag....

Får melidng om at kollegaene mine sliter med tekniske feil i dag. Skulle gjerna vert heima å hjelpt til med reparasjonar og styr, men det går nok ikkje. Eg kryssar fingre og håpar dei får løyst problema, sånn at berørte kundar kjem raskt på nett igjen.

søndag 29. mai 2011

Statusoppdatering om pengestøtte

Pengane frå kommunen har ikkje dukka opp på kontoen enno, så eg får ta ein telefon til Ivan på økonomiavdeligna i morgon.

11 000,- er gitt i form av utstyr
4 000,- er gitt kontant
5 000,- er kome inn på bank-kontoen

Blandt dei siste som har gitt, finn vi:
Jarle Bryn - 200,-
Asle Frantzen - 200,-
..og 500,- som er pengar frå kles-sal på Frivilligsentralen (kjolar og klær som Trine etterlot, etter å ha solgt kjolar i gågato).

Når pengane frå kommunen er på plass, har vi kome opp i ein total på kr. 25 000,-

Hurra!
Hurra-hurra-hurraaaaa!!!

Brunost til kvelds og til frukost

Kanskje er det meir enn to veker til neste gong eg får smaka brunost, no?
Lika best å ha brunost som pålegg på dei siste måltida før avreise, då :-)
Eg lagar meg såfall to grovbrødskiver med Synnøve Finden sin Gudbrandsdalsost no, og skal nyta smaken :-)

Søskenebarntreff gav 3 500,-

Det har vert eit søskenebarntreff i Bay-slekta med ulike aktivitetar, sal og kronerulling. Til saman kom det inn kr. 3 500,- som Reidun har teke vare på.

Veldig kjekt at så mange gjev så mykje!

Dette opnar opp for fleir mogelegheiter og aktivitetar i samband med Internettkaféen.
Tusen takk :-)

Kredittkort og bank-ting

DnB NOR-kortet mitt er opent for bruk i heile verden, mens Visa-kortet i Sparebanken Vest var sperra for bruk utforbi Noreg.

No har eg vert innom nettbanken og sagt at SPV-kortet også skal kunne brukast i Afrika.

Elles har eg med meg eit Gebyrfri Visa-kort, som eg kan overtrekka om det skulle bli naudsynt.

Ja.. og passet!
Eg har hugsa passet, og det er ikkje utgått! :-)

På plass i Bergen

Då er eg på plass i Bergen.
Eg prøvde å sjekka inn bagasjen på Flesland no i kveld, men det gjekk ikkje med KLM. F.eks. lar SAS oss sjekka inn bagasjen dagen før, men KLM er ikkje på plass før to timar før avreise.

Elles har eg 8,5 kg med handbagasje og 2 x 23 kg med bagasje som skal sjekkast inn.

Pakking

Då har eg endeleg komt i gang med pakking. Eg tar hintet, og vel å dra på den eine bærbare datamaskina i handbagasjen. Den andre går i Flight Casen og den 3. går med Reidun og dei.

Utstyrskofferten blei sjølvsagt for tung og det blei eit reknestykke for å få ut akkurat rett mengde utstyr.

Til slutt visar bagasjevekta rett opp under 23 kg, og eg håpar å sleppa spørsmål og diskusjon i innsjekking og evt. transitt.

For alt eg veit, må eg ta bagasjen ut når eg kjem til Nairobi, og då er det greitt å halda seg innforbi grensene som står på billetten.


For å fylla plassen til utstyret eg tok ut, fann eg ut at eg kunne bruka vakumeringsmaskina mi. Eg sveiser igjen den eine enden, blåser luft inn og sveiser igjen den andre. Heilt utan bruk av vakum-funksjonen.




Resultatet blei ganske så greit:

Dokumentasjon av serienummer

Eg tenkte det kanskje var lurt å dokumentera serinummera på datautstyret. Vidare er det kanskje ikkje den luraste ting i verda å offentleggjera alt dette, men om eg legg det her, så kan dei som skulle måtte trenga nummera veldig enkelt kunne finna det.

Eg kryssar fingre og håpar ingen andre missbrukar desse nummera.

Det er altså tre datamaskiner som no er sett opp med engelsk Windows. Alle tre har fått installert og oppdatert antivirusprogram frå Microsoft, og alt av oppdateringar er lasta ned og installert.

lørdag 28. mai 2011

Koffert nr. 2 på plass!

Då fekk eg ordna med ein mjuk koffert med lett vekt og maks volum. No gjenstår det å finna ut kva som går kvar, utan at det blir overvekt.

Thor Helge har akkurat vert ute å reist, og fortel at han blei presentert for eit gebyr på 90 USD ved overvekt.
Det er langt rimelegare med eit 3. kolli, faktisk.

Kensington-lås til sikring av utstyr

Eg fekk kjøpt inn nokon låsevaiere til bruk i bærbare datamaskiner sin Kensington-låseplugg. Dette er eit lite spor eller hakk i sida av den bærbare Windows-PCen din, som er sikra med ei lita stålplate på innsida.

Her kan du låsa maskina med den her type vaier.

Det skal vera umogeleg å knakke av låsen i sjølve maskina, så om nokon skal stela den, må dei nesten klyppa eller saga over vaieren.

Ulempa med denne løysinga, er at ein mister nøkkelen.
Vi får sjå... kanskje går det bra :-)

Utstyret er kjøpt inn og donert av HardangerNett

Tips: Ta vekk vidarekopling til mobilsvar

Då har eg fått eit knakande godt tips om rett og slett å kopla vekk vidarekoplinga til mobilsvaren. Problemet er at eg (eller arbeidsgjevaren min) må betala skamdyre teljarsteg for at folk legg igjen melding på svararen min. Samtalen går liksom frå norge til Tanzania og vidare tilbake til NetCom som spelar inn meldinga på mobilsvaren. Resultatet blir skamhøge telefonrekningar.

Rimelege hodesett til sal i kaféen

Eg kom over nokon rimelege hodesett som eg tenkte kanskje kunne selgast til kundane i kaféen. Det var tilbodsvarer frå ein av leverandørane til HardangerNett og dei kosta nokon tiarar per par.

Kvaliteten skal vera veldig god, og dei kan kanskje koma til nytte.

Dei er såfall heilt nye.

Innbruddsalarm og stiftar blei sponsa

Heidi M. Tverdal kom med to innbruddsalarmting, samt kabelstiftar til opphenging av kablar. Eg fekk ikkje lov til å betala for dette, for det var Heidi sitt bidrag til prosjektet.

Kr. 377,50 i støtta!

Tusen takk til Heidi!

Oppblåsbar nakkestøtta

Her er enno ein ting som eg aldri før har prøvd. Det er ei oppblåsbar nakkestøtta eller puta. Den tek liten plass og veg lite. Flyet frå Amsterdam går om natta, og eg må uansett sova. Så då får eg testa ut om desse oppblåsbare greiene, som eg ser mange på reise har med seg, faktisk fungerer.

Teknikkverktøyssett

Då har eg skaffa eit lite sett med verktøy som kan koma til nytte når ein skal gjer teknisk arbeid på elektronisk utstyr.

Setter er kjøpt inn og sponsa av HardangerNett

For tre veker tilbake...

Kvar var vi for tre veker sidan?
Mor mi lurte på kor lenge eg hadde holdt på med detta prosjektet, og då måtte eg begynna å tenka. Eg kom faktisk på idéen om å besøka Trine for tre veker sidan. Ting går fort, mao.

Då eg tenkte eg skulle få til ein tur til Afrika for å besøka Trine, tenkte eg på kva eg kunne bruka som unskjuldning. Eg las litt meir i bloggen hennas, og såg at ho prøvde å få folk til å gje blod. Så sendte eg avgarde ei melding på Facebook der eg spurte om kanskje eg kunne koma ned der for å gje blod.

Ho svara då at ho heller ville ha hjelp med å byggja opp ein lokal Internettkafé, og etter tre veker er eg faktisk på veg. Alle mogelege ting har lete seg ordna, mykje takkavera innsats frå Helge Tverdal, samt alle som har støtta og hjelpt til.

Snålt å tenka på at eg ikkje ante noko om dette for berre fira veker sidan.

Illustrasjonen er laga via nettsida timeanddate.com

Såpebobler til borna i Mwanza

Ei eg kjenner som heiter Maya (som kjem frå Flekkefjord) var i Tanzania i fjor. Ho hadde teke med seg såpebobler, noko som vist nok hadde blitt godt motteke av ungane der nede. Eg stel difor idéen til Maya og tar med fira såpebobleting.

Om vi får Internettet opp å gå, kan vi feira med såpebobler og sol :-)

Aarekol IT overleverte PCar på postkontoret

Mens eg stod på postkontoret i Odda for å henta ein pakke, kom Ørjan Aarekol og overleverte to bærbare datamaskiner. Stian hadde satt dei opp med engelsk Windows og sett til at alle program var popdaterte.

No gjeld det berre å få transportert maskinene trygt til Tanzania.

Flight Case i boks - Obs 12 kg tung

Halvard Eriksen  ved Odda Lyd har ordna ein Flight Case til meg. Det er ein akkurat passe stor koffert med tre-veggar og metallbeslag. Den skal vera robust nok til å stå på, og bør beskytta verdifullt innhald, sjølv om det får røff handtering.

Problemet med kofferten er at den er tung.
Kofferten  veg 12 kg og med maksimalt 23 kg per kolli får eg i utgangspunktet berre plass til ca. 10 kg med utstyr oppi.

Eg går i gang med pakking, kontrollveging og vidare pakking.

Stor takk til Odda Lyd og til Halvard for hjelp med koffert :-)

fredag 27. mai 2011

Nasjonalsangen til Tanzania

Om du vil kjenna litt ekstra på tanzanesiske nasjonalisten i deg, så bør du høyra litt på nasjonal-låta (ehm... altså nasjonalsongen) til landet.
Mungu ibariki Africa
Wabariki Viongozi wake
Hekima Umoja na
Amani Hizi ni ngao zetu
Afrika na watu wake.

Ibariki Afrika
Ibariki Afrika
Tubariki watoto wa Afrika.

Mungu ibariki Tanzania
Dumisha uhuru na Umoja
Wake kwa Waume na Watoto
Mungu Ibariki Tanzania na watu wake.

Ibariki Tanzania
Ibariki Tanzania
Tubariki watoto wa Tanzania.

(du må kanskje spela musikken fleire gongar, for å få sunge alt)

Frå huset til jobben - kart

Eg har funne ut kvar Trine bur (sånn ca.), og brukte Google Maps til å sjå vegen frå den lokale busstasjonen til sjukehuset der ho reiser kvar morgon.

Det ser ut til å vera ein 5,3 km. lang reiseveg.
Litt langt å sykla kanskje, og alt for langt til å gå :-)
Heldigvis går det buss! ;-)

Reisehatt er kjøpt inn

Er det lurt å ha eigen hatt, når ein er på tur?

Eg trur det!

Eg har sett at andre oppdagarar som Kristoffer Colombus, Indiana Jones og sjølvaste 'Crocodile' Dundee har hatt. Då må nesten eg også ha hatt ;-)

Maks. 158 cm og 23 kg tung bagasje

Eg får visst lov til å sjekka inn to kolli, samt handbagasje.
Den innsjekka bagasjen kan maksimalt vera 23 kg. tung. Storleiken må ikkje overstiga 158 cm, og då målar ein lengda+breidda+høgda. På Clas Ohlson fins hardplastkoffert til kr. 399,- men dei er i minste laget. B43xD38xH16 cm gjev knapt plass til to bærbare PCar med 15" skjerm.

Det er mogeleg eg får lånt utstyrskoffert av Halvard eller "Odda Lyd".

Elles må nokon andre hjelpa meg...

Reisetannkost til transit-bruk

Med nattflyging og fleire transit-stopp, trur eg trongen til tannpuss kjem snikande. Tannkremen må vel leggjast synleg i ein plastpose og takast ut for kvar tryggleikssjekk. For tannkrem vert vel rekna som flytande innhald?

For når ein vaknar grytidleg i eit flysete og skal ut i ein transit- eller avgangshall på ein afrikansk flyplass, så er det kjipt at toalettveska ligg i den innsjekka bagasjen.

Dette blir første gong eg tek tannkost med ombord i flyet. På alle flyreiser eg har hatt til no, har eg passert sjekkpunkta utan noko flytande innhald.

Trine fortel forresten at du får ta med flasker med vatn forbi sjekkpunkta på afrikanske flyplassar, men at du må ta ein slurk av flaska for å bevisa at det er drikkande innhald.

torsdag 26. mai 2011

Har kjøpt bagasjevekt på Nille

Då har eg vore på Nille i Odda og handla meg digital bagasjevekt. Den funka fint, og eg håpar den er nøyaktig nok ;-) Og eg håpar den ikkje blir øydelagd, sånn at eg får vegd bagasjen min både før eg drar ned og før eg skal heim igjen.

Eg kan ta med to kolli på inntil 23 kg per stk.
Målet er å få lånt ein sånn utstyrskoffert som musikarar brukar.
Alternativt får eg prøva å la datamaskinene vera i originalemballasjen sin, og heller surra mykje plast eller noko rundt dei.

Bagasjevekta kan vist vega ting opptil 50 kg, så det er i det minsta meir enn nok :-)

Dollar til visum og småting er handla

Då har eg vert i SparebankenVest og handla amerikanske dollar. Godt med alt som er gjort!

Mwanza skal ha 50 USD i kontantar, for å utsteda innreisevisum. Eg har både til visum og andre småting som ein gjerne treng, før ein får skaffa seg lokal valuta.

Det er gjerna ikkje mogeleg å kjøpa seg ei lita flaska med vatn og betala med eit VISA-kort, over alt?

Beats™ by Dr. Dre™ Studio™ High Definition Powered Isolation Headphones

For at eg skal sleppa den evindelege støyen og susen som er ombord i fly, har mor mi valgt å sponsa meg med mesteparten av kostnaden for eit sett med støydempande øyrehøgtalarar. Dette er vist nok noko av det beste på marknaden, og eg håpar dei vil gjer at flyturane vert langt meir behageleg.

Dei går på batteri, og ein liten microfon fangar opp sus og støy på utsida av klokkene. Lyden vert snudd, sånn at høgtalaren inni klokkene får det til å bli stille, sjølv i kraftig suselyd ombord i fly.

Himmelsk!

Eg gler meg til å få teke i bruk det nye hodesettet, og skal sjølvsagt få gitt mamma ein knakande god klem som takk :-)

Så farlig er det i Tanzania

Nettstaden Foreign Policy har ein oversikt over kor farlig dei ulike landa i verda er. Eg leita fram Tanzania og ser at landet ligg på 72. plass i å vera farlig. Ganske farlig, men på ingen måte verst.
Eg har tidlegare vert to gongar i Egypt, og ser at Egypt ligg på 49. plass. Så når det gjekk fint, så går det heilt sikkert fint å besøka Tanzania også :-)

Takk til Stein Tommy for tips og link.

Heilt nye USB-mus er skaffa

Då har eg fått tak i fira heilt nye mus med kabel. Sjølv om trådlaus er kjekt, vil nok det vera smartast å ha ledning eller kabel på datamusa i kaféen.

Ei mus med kabel har ingen batteri som går tom, og er vanskelegare å stikka av med, eller rota bort.

Også dette utstyret er gitt av HardangerNett.

onsdag 25. mai 2011

Trådlaus ruter og gigabit-switch frå Cisco

Då har det kome inn trådlaus ruter og gigabitswitch av merket Cisco. Dette er utstyr som HardangerNett kjøper inn til prosjektet. Vi snakkar her om nyaste versjon av utstyr som er uopna og ubrukt.

Det er kjekt å kunna vera med å dra i gang ein Internettkafé der alt utstyret er nytt.

Vi får håpa på at dette gjer at levertida blir lenger, samstundes som vi får tru at utstyret ikkje vert stelt og solgt...

No likar vi HardangerNett, no! :-)

Meir sponsing frå privatpersonar

Etter oppslag i lokalavis og intervju på radio, har det tikka inn med støtte frå fleire private. Den eine sponsinga på kr. 200,- i forrige blogginnlegg om privatpersonar er no blitt identifisert. Det var Margit Iren! Tusen takk!

Vidare har det dukka opp pengegåver frå:

  • Wenche Hugnastad - 500,-
  • Marit Bleie Mannsåker og Sylfest Lomheim - 1 000,-
  • Elin Myran - 200,-
  • Leander til Elin - 200,-*
Nettverksutstyret som HardangerNett sponsar med, blir rekna til å ha ein verdi på kr. 2 500,-
Ny totalsum er då oppe i kr. 20 600,-

*) Øremerkte pengar, sånn at born også skal få glede av Internettkaféen!

Odda kommune gjev kr. 5 000,-


Då kom den gledelege meldinga frå ordførar Gard Folkvord om at Odda kommune gjev fem tusen norske kroner til prosjektet. Den største enkeltstøtta til no!

Pengane kjem som eit resultat av innsatsen Helge Tverdal har lagt ned. Han har stått på og agitert for prosjektet og for at folk skal støtta. Det var Helge som kontakta ordføraren, og no kom altså svaret:

På vegne av Odda kommune har jeg gleden av å meddele vår støtte til prosjektet med NOK 5.000. Beløpet er innenfor ordførerens bevilgningsfullmakt og forutsetter ingen videre saksbehandling. Ivan Jakic ved økonomiavdelingen får derfor kopi av mailen slik at utbetaling kan skje umiddelbart. Odda kommune ønsker Håkon Tverdal lykke til på reisen og med prosjektet. Odda kommune vil heller ikke ha noe i mot om vi omtales i den videre fokuseringen av saken.

Med vennlig hilsen
Gard Folkvord
Ordfører i Odda

Eg vart også oppringt av Ivan på økonomikontoret som ville ha stadfesta kontonummer, etc. Han skulle få overført pengane i løpet av morgondagen! Fantastisk!

Eg veit kva Trine Bay ønskjer seg for desse pengane.
Trine vil kjøpa inn ein multifunksjonsmaskin for utskrift, skanning og kopiering.
Ei sånn maskina vil kunne gje ekstra inntekstsmogelegheit for dei som skal driva Internettkaféen.

Hurra for Odda kommune!
Hurra for Gard Folkvord!

Høyr radiointervjuet i oppdak, her.


Då er føremiddagssendinga til NRK Hordland ferdig, og radiointervjuet kan høyrast på nrk.no

Ubuntu-plater levert på døra

Då var ei hyggjeleg jenta innom på kontoret her, med ein bunke CD-/DVDar. Dette er installasjonsplater til re-installasjon av datamaskiner. Ubuntu er eit gratis operativsystem som på mange måtar kan utkonkurrera Microsoft sin Windows.

Ubuntu er ein variant av Linux som er basert på open kjeldekode.

Takk til Raoul for hjelp med dette!

Intervjua av NRK Hordaland

Ein journalist for NRK Hordaland hadde sett oppslaget i Hardanger Folkeblad og ville ha eit intevju. Det blei eit telefonintervju og eg kjente at eg blei litt nervøs. Heldigvis for meg blir det redigert litt før sending.

Intervjuet skal bli sendt på NRK Hordaland si radiosending i dag, mellom klokka 12:00 og 13:00

Kjekt å sjå at prosjektet får såpass positiv omtale og merksemd.

Internettkafé-prosjektet når framsida i Hardanger Folkeblad

Hardanger Folkeblad brukar framsida på å fortelja om Internett-prosjektet. Odda hjelper Tanzania! Eg kjenner meg heldig som får lov til å bidra.

Namna på dei som har støtta prosjektet med pengar og utstyr kunne ikkje skrivast i artikkelen. Det står ein del om kven som har gitt kva i den her bloggen, og eg håpar det gjev ønska positiv effekt til alle dei som har gitt.

Artikkelen fortel at "to lokale bedrifter har sponset en PC hver".
Dette er faktisk Odda Rockeklubb (som ikkje er nokon verksemd) og Knut Kvandal.

Av med hatten for dei to!
Vidare har porsjektet fått mykje støtte etter dette, som eg har prøvd å skriva om i bloggen her.

Oddinger starter Tanzaniaprosjekt

tirsdag 24. mai 2011

To bærbare maskiner er tinga hos Aarekol IT

Då har eg tinga to bærbare datamaskiner frå Aarekol IT.
Han leverer maskinene utan forteneste, og eg håpar på litt hjelp og støtte når maskinene kjem til Odda.

Det blei to Asus-bærbare av typen X53U-SX057V

Ikkje verst å koma med spildrande nytt datautstyr frå Odda til Mwanza. Vi får kryssa fingre og håpa og tru at utstyret får fungera lenge og vel, og at det får stå trygt.

Malariamedesin på plass

Då har eg kjøpt meg Malarone til kr. 689,-
Malariamedisin som skal takast to dagar før innreise, og sju dagar etter utreise. Biverknadar var mest relatert til magetrøbbel, så heldigvis har eg ein pakke med 100 stk Idoform Classic, som balanserer og regulerer laus mage.

Til slutt har eg skaffa Cactuz myggolja med 20% DEET.
Føler meg ganske malariatrygg, no ;-)
Spesielt fordi Trine har nett som eg skal bruka når eg sover.

HardangerNett sponsar nettverksutstyr

Det tekniske utstyret som skal til for at ein Internettkafé skal koma på beina blir sponsa av arbeidsgjevaren min, HardangerNett AS. Noko av det utstyret som prosjektet får er:

  • Ruter
  • Switch
  • WiFi-utstyr
  • Nettverkskablar
  • Overspenningsvern
Utstyret er nytt og moderne, og veg lite. Tak til HardangerNett for utstyr og støtte!

Lik HardangerNett på Facebook:

Raoul ved Odda vidaregåande skule kjem med CDar og DVDar

Då har eg fått god hjelp av Raoul Mauritz Olsson ved Odda Vidaregåande skule. Han har laga CDar og DVDar med installasjonar for operativsystem og programvare for Linux. Desse skal brukast til reinstallasjon og gjenbruk av eldre datamaskiner.

Programvaren kan hentast gratis frå Internett, men i Afrika er som oftast Internett-linjene veeeeeldig treige og det blir tilnerma umogeleg å henta ned fleire Giga Byte med data.

Raoul har spart meg for fleire timar med arbeid ved å hjelpa til med dette!


Tusen takk!

Travelent Hardanger Reisebyrå kjem med kr. 500,-

Då melder Helga S. Tverdal som driv vårt lokale reisebyrå, at Travelnet Hardanger Reisebyrå gjev kr. 500,- til prosjektet. Då er representantar for handelsstanden i Odda også på bana.

Det er reisebyrået som hjelper med flybillettar og praktiske ting rundt reisa, og her skal Inger Helene ha ein stor takk. Tålmodig og blid, hjelper ho til med endringar, vurderingar og får til slutt på plass den endelege reiseruta.

Lik Hardanger Reisebyrå på Facebook:

Harald S. Tverdal og Expert i Odda kjem med ein tredje PC

Her går det unna!
Bror min, Harald S. Tverdal jobbar for Expert og ringte meg akkurat. Han lurte på om prosjektet framleis trengte datamaskin, og det gjer jo faktisk prosjektet :-)

Han kunne fortelja at Expert hadde ein returnert PC dei ville kvitta seg med.
Expert sjølv gav 500,- og Harald betalte kr. 2 000,- av eigen lomme.

Resultatet blir at prosjektet får med seg ein tredje bærbar PC til ein verdi av kr. 2 500,-
Akkurat no står Harald på jobb og re-installerer maskina, sånn at den får engelsk Windows.

Takk til Expert i Odda for bidraget og ein gigantisk takk til Harald som er snill og god som dag (og natt) er lang!