Om ...

Om prosjektet
Trine Bay frå Odda deltek i eit utvekslingsprosjekt med Fredskorpset. Ho er bioingeniør og jobbar for National Blood Transfusion Services Tanzania (NBTS) i Mwanza. Ein lokal bioingeniør frå NBTS jobbar såleis no ved ein blodbank i Bergen.
Trine bur i eit hus som direktøren ved Bugando Hospital har bygd og planlagt å bruka når han går av med pensjon.
Som eit tilleggsprosjekt jobbar Trine med å få sysselsett enker som ikkje har inntekt til familien sin. Målet er at kvinnene skal skapa sin eigen arbeidsplass og halda seg sjølv med inntekt.

Om bloggen
Målet med denne bloggen er å spre litt informsajon før, under og kanskje t.o.m. etter turen til Mwanza i Tanzania. Det er mange gode personar som må løftast fram i lyset og takkast. Vidare er det små historiar som bør forteljast. Familie, vener, kollegaer og andre intresserte får sjå og lesa litt, mens eg får fortalt og laga meg eit lite arkiv eller album, på eit vis.

Som alle andre, er denne bloggen veldig glad for kommentarar og tilbakemeldingar.
Når mange er med å gjev tilbakemelding, aukar innsatsviljen og skrivelysten :-)

Om meg
Eg heiter Håkon Tverdal og er ein datateknikar frå Odda som til dagleg jobbar for HardangerNett. Enkene i prosjektet til Trine i Mwanza hadde ønske om å starta oppigjen ein nedlagd Internettkafé og Trine spør om eg kan vera med å hjelpa til. Det kan eg vel faktisk? Eg jobbar jo med dette og har veldig lyst å bidra med frivillig arbeid.