torsdag 26. mai 2011

Beats™ by Dr. Dre™ Studio™ High Definition Powered Isolation Headphones

For at eg skal sleppa den evindelege støyen og susen som er ombord i fly, har mor mi valgt å sponsa meg med mesteparten av kostnaden for eit sett med støydempande øyrehøgtalarar. Dette er vist nok noko av det beste på marknaden, og eg håpar dei vil gjer at flyturane vert langt meir behageleg.

Dei går på batteri, og ein liten microfon fangar opp sus og støy på utsida av klokkene. Lyden vert snudd, sånn at høgtalaren inni klokkene får det til å bli stille, sjølv i kraftig suselyd ombord i fly.

Himmelsk!

Eg gler meg til å få teke i bruk det nye hodesettet, og skal sjølvsagt få gitt mamma ein knakande god klem som takk :-)

2 kommentarer:

  1. De ligge no ute på kjøkken bordet. og eg misunne deg litt.

    Grattulerer.

    SvarSlett
  2. Neste gong blir det kanskje din tur å dra på lang reise...

    SvarSlett