mandag 23. mai 2011

Intervju med lokal avis

I dag fekk eg besøk på HardangerNett-kontoret av ein journalist frå lokalavisa vår. Hardanger Folkeblad ville skriva om prosjektet, mens eg ville ha dei til å skriva om alle som har vert så utruleg rause at dei har gitt pengar til prosjektet.

Vi hadde ein god dialog, men eg trur kanskje det var enkelte pressereglar som styrer kva som kan og ikkje kan trykkast. Så no er eg spent på å lesa kva journalisten fekk ut av samtalen, underlaget eg sendte som e-post, samt kva han evt. fekk av Trine. Ho er i Mwanza no, og står på som bare det. Full jobb kvar dag og masse prosjektarbeid og oppfølging av oss masande oddingar både under og etter jobb :-)

Faksemile frå Hardanger Folkeblad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar