mandag 6. juni 2011

Alt ein saknar men kanskje ikkje treng likevel

Det er mykje ein saknar når ein er vekke frå dei vante og daglegdagse tinga. Men så går det to dagar og så finn eg ut at eg ikkje trengte det likevel. Ganske grei erfaring, i grunn.

Heime har vi kanskje lagt oss til ein vane der alle ting som kan kjøpast eller skaffast for å løysa eit problem, skal kjøpast. Så fort som råd. Og når det kjem til eit stykke, så trengte vi det nok ikkje så veldig, likevel.

Ein kan klara seg med så lite, og heller fokusera på dei tinga ein verkeleg treng.

Eg har til dømes med meg chilinøtter og Bixit-kjeks. Det løyser så absolutt mesteparten av behovet for maten og snacksen eg plar meska meg med når eg er heime.

Likevel kjem eg til å setja pris på Superchips med rømmedipp, når eg kjem heim!

2 kommentarer:

  1. Enig med du! Jeg har vært på reise i 2,5 måneder nå og savner dundersalt så enormt! Savner også fiskeboller i hvit saus og brunost, men klarer meg jo likvel. Chillinøtter og Bixit-kjeks har jeg aldri tenkt på å ta med meg på tur :)

    SvarSlett
  2. Kjekk reiseblogg, dåkke har!
    Eg kan overleva ganske lenge på ein pakke Bixit-kjeks ;-) Men her eg er no, får eg så mykje god mat, at det ikkje er noko problem.

    Reisa til eit afrikansk land der mangen er fattige og manglar pengar til nok mat, og atpåtill leggja på seg. Fnys... :-p

    SvarSlett