torsdag 9. juni 2011

Panneproduksjon med handamakt


Etter ein god spasertur, kom vi til arbeidslaget som sat å hamra ut panner. Ein fyr som satt der å hamra spratt rett opp og insisterte på at eg måtte prøva. Klart eg ville :-)

Han gav meg eit lite tørkle som eg kunne bruka for å ikkje skjæra meg på den skarpe kanten, og så var det til å slå.

Det bråka noko inderleg, men det var kjempekjekt. Dei hamra tidvis i takt og det var som om ein måtte til å dansa. Alle smila og lo, og såg ut til å trivast godt med bøsøk frå tre kvitingar.

Nesten alle pannene var utan farge, og vi starta å leita etter nokon med mykje farge. Eg fann til slutt ei uferdig panna med fin blåfarge, og spurte om dei ikkje kunne laga den ferdig for meg. "Shure, shure!"

Ein fyr i fine klede satte i gang med å ferdigstilla panna mi, og eg spurte om eg kunne få lov til å fotografera. Det var greit, så då tok eg lika godt å filma det heila :-)


Trine ville også ha, og plukka ut tre ulike som ho ville ha ferdig. Dei satte i gang å jobba. Banka og styra og vaska og ordna. Det var kjempekjekt å oppleva, og vi sa at vi måtte koma tilbake med fleir folk ein annan gong.

David kjøpte også ei panna og vi betalte totalt 10 000 shilling for fem panner. Dyrt, hæ? Ja, altså… Det tilsvarar jo stross alt heile 35,- i norske pengar, altså sju kroner stykk ;-)


Snakk om…
Kanskje sånne her unike handlaga panner kunne blitt solgt for 300,- på ting-og-tang-butikkar heime.

Hmm…
Jo, kanskje det er tingen?
Starta import av handlaga resirkulerte produkt heima i norge. Det blir jo eksport for Tanzania, og inntekter i statskassa! He-hey.. skal sei idéane står i kø ;-)

1 kommentar: