torsdag 9. juni 2011

Internettkaféen er langt frå ferdig


Det gjekk veldig fort med Internettkaféen i starten. No blei det lagt golv der, og då har det gått ganske lang tid utan at mykje har skjedd. Betongen må jo tørka :-)

Huset har fått innlagt straum og utvendig tak. Det skal også leggjast eit vannrett tak, men det kjem seinare.

Elles skal det monterast ståldører og vindauge (kanskje tom. med gitter).

Trine har levert frå seg teikningar over korleis ho ser for seg at stativa eller borda som datamaskinene skal stå i, skal sjå ut. Dei blir gjeve til ein snikkar som skal produsera for hand. Framfor dei bærbare maskinene kjem det glassplate, sånn at brukaren ikkje får ta på sjølve PCen.

Framfor glassplata kjem tastatur og mus med kabel (så dei ikkje kan fjernast).



Sjølv om Trine hadde tinga breibandslinja i god tid før eg kom, har det teke evigheiter å få linja levert. Dei har heile tida snakka om ein survey som skal skje i morgon, og så seier dei at "wee will call you".

Så høyrer vi ingenting og må masa på nytt og på nytt.

I går var Trine og eg innom kontoret nok ein gong. Den her gongen bestemte vi oss for å smila så mykje vi kunne. Kontorfyren som hjalp oss kunne ikkje løysa noko på dagen, men han blei langt meir positiv (pga. våre blide smil?) og han lova å få ein survey-mann ut "tomorrow".


Og sånn gjekk det.


Den gule TTCL-trucken kom køyrande, og han gjor ein kjapp survey på nokre få minutt. Vidare måtte han tilbake på kontoret å rekna på pris. Han lova at om vi betalte i morgon, så skulle han koma å trekka kablar, samt levera modem og få opp tilgangen til Internett same dag. Vi trygla og bad om å få betala i dag, men han nekta. Han måtte gjer utrekningane først!


Litt oppløftande, men likevel litt iriterande…

Her gjeld det å følga med....

...i neste episode ;-)

4 kommentarer:

  1. Krysse fingrane for at han komme igjen i måro:-))

    SvarSlett
  2. Ble ikke overraska. Ikke samme farten på arbeidsfolk der nede som i visse andre land.:), uansett dere gjør en kjempe god jobb:))

    SvarSlett
  3. Sjølv om vi ikkje får gjort alt vi hadde planlagd, ser det ut til at vi kanskje skal klara å få hjelpt til med det vanskelegaste: Å få lagt inn sjølve Internett-linja.

    Sånn som vi har måtte slitt med dette, trur eg neppe det hadde lete seg gjer, om enkene skulle klara det på eiga hand, utan teknisk bakgrunn.

    Så då blir det nok litt meir prøving og famling i ettertid, i og med at vi ikkje har kunna gje opplæring i kafé-drift.

    Men utstyr og masse praktiske ting rundt, ser akkurat ut til å koma på plass til vi må dra.

    Og det er faktisk ikkje lite, når ein ser korleis ting fungerer her nede :-)

    SvarSlett
  4. Du gjør en kjempe jobb Håkon. var selv i Tanzania i januar og merka hvordan ting fungerte. Det er jo sikkert minst 50 år tilbake i tid for oss. uansett så er det deilig der nede. Syns det er kjempeflott at du hjelper enkene. keep up the good work. Du skal se du er snart nede der igjen :). Hils trine:))

    SvarSlett