torsdag 2. juni 2011

Turen frå Nairobi

Eg blei sitjande å skriva ein del om reisa på flyturen frå Amsterdam til Nairobi. Teksten ligg på iPaden min, og den har eg ikkje fått kopla på nett enno.

Så då kjem det informasjon om den delen av turen seinare.

Flyet du ser, står langt ute på ein av rullebanane på flyplassen i Nairobi. Eg kom med Kenya Airways og flyr vidare med Presision Air. Det vetle propellflyet var nytt og moderne, men uansett kjenner ein seg litt utrygg når ein humpar avgarde med propellar som surrar rett utforbi vindauga.

Flyet fyk elegant over den digre Victoria Lake og eg fotograferer så mykje eg kan. Vi går inn for landing, og alt går fint. Ut av flyet er det sjølvsagt brennheitt og steikande sol. Først får vi uttelt imigrasjonsskjema som vi må fylla ut. Før vi slepp inn i ankomsthallen (som på ingen måte kan seiast å vera ein hall) må vi bevisa at vi har vaksine mot gul feber. Eg fiskar fram det vetle gule heftet med stempel og signatur frå legen min i Odda. Kontrolløren godtek dette etter nøye inspeksjon og ber meg gå inn.



Inne i ein trang gang står vi og prøver å få fyllt ut skjemaet oppetter ein vegg, på ryggen til den ein reiser med, eller på huk med passet som skrivebakgrunn (som eg gjor). Heile tida kjem folk ut og inn av dører så passasjerar må prøva å flytta seg og klemma seg saman, for at funksjonærar får passera.

Fyren eg sat ved sida av i Kenya Air-flyet tipsa meg om å ikkje nemna noko om 'frivillig arbeid'. Det er jo ikkje lov å arbeida utan 'work permit' og jo meir informasjon eg gjev, jo meir trøbbel kan eg få. Eg oppgjev difor at eg er turist, men har same problem som då eg skulle inn til USA; eg har ikkje noko hotell. Eg må difor oppgje Trine som lokal kontakt og hennas adressa som destinasjon.

Dette var vist ikkje heilt greitt. Eg blir bedt om å venta. Dei spør kva eg skal, og eg fortel at eg turist. Dei spør om Trine er eit "company" og eg insisterer på at Trine er ein person. Imigrasjonsoffiseren spør om han kan ringa til ho, og eg seier at "Shure, shure! Call her! The number is on the firm there", mens eg peikar og smilar så venleg eg kan. Han les opp nummeret og ber meg stadfesta (som om eg hugsar Tanzanianummeret utanom ;-p men eg lyg litt og seier; "Yes, yes. That is correct!".

Eg sender Trine ein SMS og fortel at eg insisterer på at eg er turist og at om dei ringer til ho, så må ikkje ho seia noko anna enn at eg faktisk er der som turist.

Eg hadde ikkje lagt nokon pengar i passet, og ser at andre reisande gjer dette.
Dei legg $100 i passet, leverer papirene og slepp raskt forbi. Eg blir ståande igjen.
Når alle er forbi, peiker ein på mine papir som ligg innforbi glaset i skranken. "Yes, now this one". Han ringer til Trine og spør om ho er i Mwanza og om ho kjenner ein "Mr. Hakon". Eg trur eg kan høyra Trine igjennom telefonen som tydeleg er uroleg og seier noko sånt som; "Don't mess with my friend!".

Han opnar døra og seier strengt; "You, come inside! Sit down!".

Ved skrivebordet sit ei dame, som kanskje er sjefen for kontoret. Ho spør meg på ny; "Why are you here?". Eg venter litt mens eg ser ho i augene. Smilar venleg og seier; "I am here to visit your beautiful country".

Det var vist nøkkelen til sukess. Dama mjukna, smiler tilbake og seier; "Sorry, sorry" og "You are most welcome". "You pay $50", seier ho. Klart det :-) Eg skal gledeleg betala den rette summen for innreisevisum, får kvittering og blir hansama fint av dei som for litt sida hadde vert så strenge og tydeleg meint at eg var mistenksom.

For sant? Om eg skal "visit a company", så må eg betala $100 for visum. Om eg er turist, slepp eg unna med $50. Så kanskje dei trudde eg lurte dei og ville prøva å mørna meg litt, sånn at eg røpte noko.

For all del. Eg syns ikkje dette var ille-ille, bare litt spennande. Utlendingar som kjem til vårt land blir nok grilla enno hardare enn dette, så eg tenker at dette er nok det minsta eg bør kunna akseptera.

Historia om bagasjen får eg kanskje skriva meir om seinare, for no skal Rolf bruka nettet til å sjekka inn bagasjen sin.


3 kommentarer:

  1. Haha dont mess whit my friend, konge:-)
    Godt å høyra at du er vel framme og glede meg til å lesa meir om turen
    klem

    SvarSlett
  2. Håkon: Ser du takler det meste. Trine: Flott du stiller opp for Håkon. :-) Koser meg med fortellingene og de flotte bildene.

    SvarSlett
  3. Då må eg nett få koma med ein liten tilleggsinformasjon, her. Ein av _reglane_ til Trine var at ein ikkje er ute å går etter at det har blitt mørkt. Her blir det mørkt litt etter klokka sju om kvelden, så då blir det ein del _innetimar_.

    Første kvelden i Tanzania, blei Trine, Rolf (blodbankoverlegen frå Haukeland som var på besøk med prosjektet då eg kom ned) og eg sitjande på ein lokal restaurant (Binti Maringo) å eta til godt etter at det blei mørkt. Så på den aller første kvelden braut vi regelen som det holdt ;-)

    Hi-hi...

    Eller vent... skreiv eg om dette allereie? Ja-ja.. samma kan det vera.

    SvarSlett