mandag 6. juni 2011

Onsdag 1. juni 2011

Sov til kl. 10. Herlig!
Prøvde å sortera litt bagasje og ting på rommet og fann ein ... igjen i ein svart pose av sånn billig knitreplast, du veit. Det er ein form for pannekake, og vi hadde det som tilbehør til middagen i går. Suplerte med eit havrekjeks og så banka det på døra. Trine, som var på jobb, hadde fått beskjed om at bagasjen min var komt. Ho hadde sendt SMS til meg, men eg hadde ikkje rekt å sjå meldinga enno.
Ja, det var ein gut på døra mi, som gjerna ville hjelpa meg med å få tak i bagasjen. Han heiter Lameck, er 23 år og har ferie.

Trine har ringt han, i og med at eg ikkje svarer.. Eg ser to meldingar. Den eine er frå Trine, og den andre er frå DnB som vil informera om at det er kome inn NOK 5 000,- på kontoen. Pengane frå kommunen! Jippi!

Trine ringer, og fortel om kofferten og Lameck som gjerna vil hjelpa. Eg seier at han er her, og fortel om den andre gode meldinga! Når ting går rett veg, kjem auka pågangsmot!


Lameck tar meg med bort i streeten, for å finna ATM (minibank). Den er ute av drift, og Trine melder at det kanskje er ein fungerande bank i Barclay i sentrum. Lameck seier at han veit kor det er, men korleis skal vi komma oss dit uten peng? Tanzania er eit land der alt koster, og der kontanter er løysinga på det mesta.

Sangeewa er ein fyr frå Srilanka, som bur i samme hus som Trine. Han er utan arbeid, men kona har praksis ved det største sjukehuset i byen og han har kjøpt bil. Så om eg kunne fylla bensin på bilen hans, så kunne han kjøra oss. Lameck ringer og ordner. Sangeewa kjem å plukkar oss opp :-)

Lønsj med Lameck; vegetar-pitsa (!) og ananasjus.

Vi drar til byen, finn ein bank og eg tar ut maksgrensa, som er 400 000 TZS (eller THS, som lokalbefolkinga brukar). Det er NOK 1 400,- og ein diger bunke med 10 000 TZS-sedlar som eg gøymer raskt. Fira stykk går i framlomma, og resten går i baklomma med knapp.

På bensinstasjonen vil eg betala dei 40, men Sangeewa seier at 20 er nok :-) Bra! Ærlege folk, altså.

2 kommentarer:

  1. Hei Håkon.
    Er spent på om alt var i bagasjen, når du fikk sjekket. Det er godt å lese om de gode medhjelpere alle plasser. Rart med pengeverdiene og de store bunkene for lite penger.
    Her blir det kanskje bankstreik i morgen, så nå tømmer folk minibankene. Nå er de tappet for over 750 millioner bare på noen få timer. Folk er hysterisk. Vi ser det an og tenker, det går bra. Som du skriver, så kan vi klare oss med mindre.

    Koselig å se de fine bildene. Ser også at du har det veldig bra. Det gjør godt å se. Nesten uvirkelig at du er på sydsiden av ekvator.
    Lykke til videre med prosjektet. Stor klem fra mam

    SvarSlett
  2. Alt var i bagasjen, ja.
    Tjuveri er ganske sjeldent og tjuveri frå kvite er enno sjeldnare. Det er harde straffar for lokale som gjer ugang og om nokon har gjort noko gale mot ein kvit, blir straffa automatisk langt hardare.

    Eg blei f.eks. fortalt om ein lokal fyr som blei kasta i fengsel fordi han kjørte på ein kvit i trafikken.

    Motsett rasisme, kanskje?

    Eg har store pengebunkar, men sjølv om eg prøver å batala for alt mogeleg blir det nesten ikkje mindre pengar.

    Mykje koster typisk NOK 3,50
    Når ting du vil ha koster 3,50 kan du kjøpa ganske mange ting utan at det blir problamtisk på reisebudsjettet :-)

    SvarSlett