søndag 5. juni 2011

Gudstjeneste i Tanzania

Då er det sundag og kirkedag. Trine, Lameck og eg tok taxi til den lokale kirka. Der var det sang og dans, så taket løfta seg. Eg filma masse og fotograferte litt. Ei stor oppleving, for å sei det mildt.

Før presten skulle holda preken, spurte Peter (han på framsida av HF) om det var nokon "visitors" på kirkas venstre side... Nei... Ingen der... Så var det høgre side? Håkon? Reis deg!

Eg smilte og vinka til menigheita som ønska meg velkommen. Peter spurte i mikrofonen om eg vil komma fram å sei ei helsing.

Klart det! Men kva skal eg sei. Eg prøvde å sei nokon fine ord om folka og at eg var takksam for gjestfriheita og at eg satte pris på å få besøka dei. Peter oversatte til swahili og folkemengda jubla for meg.

Litt rart, men likevel veldig kjekt!

Preika til presten er mildt sagt forferdeleg. Han skriker inn i mikrofonen og det ni-vrenger i lydanlegget. Peter prøver s. Godt han kan å spontanoversetja til engelsk, mens keyboardisten følger opp med små digitale trommesoloar der han føler at det passar inn.

Eg får eigentleg ikkje med meg kva Peter seier på engelsk, så dei kunne likagjerna køyrt heile preika på swahili. D. Hadde det gått fortare, og hørselen til folka hadde tatt mindre skade.

Men-men..

Trine snakka om ein lønsj for ein mzungo (kviting) som skulle reisa, og at vi kunne delta der. Magen seier difinitivt ja, så no gjeld det å halda ut her... :-)

3 kommentarer:

  1. Tenker det var en spesiell opplevelse. At du holdt tale til folket ble jeg skikkelig imponert over.

    SvarSlett
  2. Så utrulig kult! Og gjestfritt! Eg ser deg for meg, regne med det gikk som ei kula:-) Hadde de musikk? Sånn kirkekor av noe slag?

    SvarSlett
  3. Eg skal få ut filmklypp av dette når eg kjem heim!
    Taket løfta seg, og så godt som alle var med å dansa.

    SvarSlett