mandag 6. juni 2011

Få tekst frå iPad utan Internett


På flyet til Nairobi skreiv eg ein del til bloggen. Eg hadde mykje tid å slå i hel, og skreiv ganske mykje. Notata eg skreiv har lagt innelåst i ein aplikasjon som heiter Springpad.

Normalt synkroniserer eg alt som ligg i Springpad-appen via Internett, så alle notata blir tilgjengeleg på datamaskina og på www.springpadit.com

Men no har eg ingen tilgang til Internett, verken på iPaden eller den bærbare Apple-maskina eg har med.

Om eg får teksten over på ein minnepenn, så kan eg bruka Trine sin maskin, for ho har lokalt mobilt breiband som virker av og til :)

Eg lurte ein del på korleis eg skulle få informasjonen ut av iPaden.
Ikkje kan eg plugga minnepinne i iPaden og lagre informasjon på den måten.

Så kom eg på at eg kan synkronisera iPaden mot iTunes-programmet i Apple-maskina. Men informasjonen som ligg i Springpad blir ikkje synkronisert til datamaskina. Den appen støttar vist berre synkronisering direkte mot Internett.

Eg prøvde ulike formar for notat, og endte til slutt opp med å lagra teksten (merk alt, kopier, lim inn) som notat på ein kontakt i kontaktregisteret.

Alle kontaktane i iPaden blir synkronisert til kontakter-programmet i Applemaskina, og kvart kontaktkort har eit notatfelt med plass til store mengdar tekst.

Så då måtte eg først leggja teksten inn som not at på kontakten i iPaden, synkronisera via iTunes og så opna kontakt-programmet på Apple-maskina.

Til slutt fekk eg opp kontakten med masse tekst i notatfeltet og fekk kopiert den over som fil på minnepinne og no er eg klar til å publisera meir info om turen :-)

Mykje arbeid for ganske så lite…
Ting er faktisk enklare med tilgang til Internett ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar