torsdag 9. juni 2011

Lønsj hos David


David er ein zoolog og forskar (var det så?) som studerer mygg og måten dei gjev smitte. Han forskar på boleriosesmitte, basert på at mesteparten av dei som blir smitta av flott faktisk blir feilbehandla for malaria.

Intressant og lærerrikt tema.

David inviterte Trine og meg på lønsj. Vi spaserte frå arbeidsplassen til Trine og kom inn i ein kjempefin frukthage der David leigde halvparten av eit digert hus. Møblane i huset hadde han fått ein lokal snikkar til å laga til seg, etter at han flytta inn. Maleriet på vegge hadde han fått ein lokal kunstnar til å mala. Ein dreven fyr full av pågangsmot, detta.


Vi prata om forskingsprosjektet hannas og vi prata om linux og programvare basert på open kjeldekode. Vi tok oss ein runde rundt i den digre hagen og såg på alle frukt-trea og såg på mens gartnaren planta eit nytt frukt-tre.


Så gjekk vi inn igjen og David spanderte frukt frå ei litt spesiell panna.


Han fortalte at panna var frå ein lokal plass, der dei laga den her type panner av skrap og gamle tønner.


Om vi ville bli med å sjå?


Klart vi ville! :-)

1 kommentar: