torsdag 2. juni 2011

Hjelp! Treng råd og diskusjon om trygging av Windows-PCar

Vi driv å diskuterer korleis datamaskinene som vi skal gje til Internettkaféen skal få lengst levetid.

Dei lokale har minimalt med kunnskap om datavirus og truslar på Internett.
Så godt som alle datamaskiner i Tanzania er fulle av virus, ormar og trojanske hestar.

Mesteparten av datamaskinene køyrer Windows XP og dei er mindre flinke enn oss nordmenn til å oppdatera, bruka antivirus og vera forsiktig.
Maskinene vi har med køyrer Windows 7 og er betre rusta mot angrep.
Det kan likevel tenkast at utstyret får avgrensa levetid med den uvørne bruken som skjer her nede.

Folk trykker i vilden sky, surfar inn på uheldige sider som sprer virus og godtek alt som popar opp på skjermen.

Eg tenkte først å gje opplæring i bruk av systemgjennoppretting, men no er eg ikkje heilt sikker lenger.

Burde vi setja maskinene opp med eit sterkare vern?

Kva for vern bør vi aktivera, og vil ikkje det gje problem med at også oppdateringar blir blokkert ute eller automatisk tilbakestillt?

Hjelp!??

3 kommentarer:

  1. Linux is the answer! :)
    Legg in linux (Ubuntu) uten at dem vet passordet så skjer strengt tatt ikke mye på Pc-ene. Det er dock mulig med noen former för malware , men det er svärt lite. Det finnes og ett anti-virus tilgjengelig dersom PC , står i ett Windows-nettverk. Dersom dere fortsatt ska kjöre windows er det svärt lite at gjere dersom "brukene" klikker på all verdens ting. Anti-Virus stopper kun "uönsket" virus , det stopper ikke godkjente ting.
    //r.m.o

    SvarSlett
  2. Når det gjelder linux stod det omtale om Linux Mint på dinside.no i dag:

    http://www.dinside.no/870779/linux-mint-11-katya

    Ser ganske bra ut!

    Når det gjelder Windows så må du i hvertfall sette høyeste nivå på alt av sikkerhet i Windows generelt, og browsere spesielt. IE har jo InPrivate modus, og det er kanskje lurt å bytte ut snarveien til IE slik at man alltid starter i InPrivate-modus.

    Windows XP hadde noe som het Steady State, hvor alle endringer gjort i bruker-sesjonen ble resatt når de logget av.

    Synes du burde søkt etter "pc kiosk internet cafe public access" eller noe i den duren, for å finne software som lar deg sette opp maskinene slik at du i admin-modus kan bestemme hva som skal være lov å gjøre på maskinene.

    SvarSlett
  3. Takk for gode råd!
    Kanskje eg kan setja opp ein dualboot med Linux på ein partisjon og Windows 7 (som allereie er installert på maskina) på ein annan.

    Den dagen Windows-partisjonen står i sju stein, kan brukarane (eller enkene som skal driva kaféen) velga Linux ved oppstart og såleis koma på nett.

    Problemet med Admin-greiene i Windows er at enkene då må ha kunnskap om passordet og dei må hugsa å logga seg ut som administrator for elles får jo brukarane tilgang til alt likevel.

    Og når ein er innlogga som brukar, så får ein gjerna ikkje oppdatert Windows eller antivirusprogrammet ein gong?

    Hmm...

    Tenke-tenke... har forresten berre sporadisk tilgang til Internett, så å googla og leita etter svar blir det liten tid til. :-)

    SvarSlett