fredag 3. juni 2011

Planar for fredagen

Då er det fredag 3. juni og eg har hatt ein roleg start på dagen. Sangeewa frå Srilanka (som bur i huset med kona si) spanderte toast og smør på meg, mens eg brukte kaviaren eg hadde med til Trine som pålegg. Lameck (som er bror til gartnaren) lurte veldig på korleis det funka med pålegg i tube. Eg måtte visa han korleis eg brukte korken til å stikka hull i tuppen, og så forstod han plutseleg poenget.

Vidare hadde vi kaffi og såg på bileta eg hadde med.
Vi prater masse. Sangeewa er veldig intressert i kva ting kostar og korleis ting fungerer. Han har australsk pass og tenker at han kanskje kan dra til Norge utan visum. Nokon som veit om det stemmer?

Kan folk med australsk pass dra på ferie til Norge utan visum?

Elles er planane for dagen å skaffa lokalt SIM-kort til mobilen.
Målet er å kunne ringa og senda SMS til lokaltakst, samt bruka Internett på mobilen.

Vidare skal vi inn til sentrum og purra på breibandslinja til Internettkaféen, for der skjer det vist lite for tida.

2 kommentarer:

  1. http://www.norway.org.au/Embassy/Visa-and-other-permits1/Working-Holiday-Visa/workingholiday/
    Her står det ein del om turist/arbeids-visum, og då e vel det svar på spørsmålet; ja, ein må ha visum for å reisa til Norge med australsk pass. Reglane er faktisk ganske strenge!
    Så kjekt at du får deg nye venner (ikkje at det noengang har vært et problem for deg :P)

    SvarSlett
  2. Nye venner?
    Eg?
    Ahh.. jo.. stemmer det... det dukkar som oftast opp nye venner rundt anna kvart gatehjørna :-p

    Takk for hjelp med Visum-info.
    Eg skal hugsa å informera Sangeewa neste gong eg ser han i gangen her :-)

    SvarSlett