mandag 6. juni 2011

Flyet frå Amsteram til Nairobi

Teksten blei skriven for ca. ei veke sidan.

Elles sit eg no i sete 31D i ein Boeing 777-200ER. Det gjekk faktisk ikkje å bytta seter, då eg sjekka inn på Flesland. Til heimturen skal eg sjekka inn på Internett, sånn at eg får sitja med eit vindauga.

Det er eit ganske stort fly med 3 x 3 seterekker. Eg sit ytterst til venstre i den midterste rekka. Ved sida av meg sit ein britisk PhD-student (heiter det så?), som også skal til Tanzania. Han har vert mange gongar i Afrika og skal besøka vener, samt skriva på ei oppgava (trur eg han sa). Eg fortalte sjølvsagt kvifor eg flyr til Nairobi.


Då sa han noko lurt:

 - Ikkje sei at du skal gjer frivillig arbeid i passkontrollen!

Frivillig arbeid blir nokon gongar tolka som arbeid, og eg har jo ingen arbeidsløyve, må veta! Då er det mykje ryddigare å berre sei at eg skal "visit a friend".

Smart!

Dette får du av Kenya Air:

  • Ei puta
  • Eit pledd, pakka i ein pose (kanskje pleddet er reint?)
  • Eit hodesett til bruk med skjermen


Kenya Air har også tryggleiksinstruks på teiknspråk:


Elles sit eg å tastar på iPaden min. Får god trening i å skriva raskt på skjermtastaturet, no. Sit jo bare her å ventar på maten likevel. Så om du ikkje gidd å lesa meir, så love eg å ikkje bli lei meg, altså!

Vi fekk eit varmt handkle med litt parfyme eller noko. Eg tørka no av meg i fjeset og så prøvde eg å vaska henda med _resten_. forfriskande!

På øyrene sit dei nye Beats Studio som er fantastisk behageleg. Den aktive støydempinga fjernar ikkje all flystøy, men når eg trykker inn knappen på sida, så høyrer eg at det er stor skilnad.

Det er ein sånn talk eller listen knapp, som dempar musikken og skrur av den aktive støydempinga. Praktisk når Cheruto kjem å spør kva eg vilmha å drikka. For ho heiter visst det, ho som serverer og steller for oss på venstra sida, litt midt i flyet.


Maten på fly
Frå Bergen til Amsterdam med KLM fekk vi brødmat med påleg, menutan smør. Greit nok. Eg bad om kaffi og appelsinjus som drikke til. Etterpå fekk vi kvar vår hollandske kjeks med karamell, og meir kaffi.


Frå Amsterdam til Nairobi med Kenya Airways er det meir stil på sakene. Vi får meny og kan velga mellom tre hovudrettar:

Chicken Brest accompanied by Tagine Saus, Sweet Potaos and Red Onions

tilapia Fillet served with Red Pepper Cream Sauce and Rice with Peas

Tomato and Spinach Risotte accompanied by Grilled Zucchini and Pepper

Ikkje verst. Sjølv om vegetar fristar, går eg for kyllingen. Eg gjør visst alltid det...
Kva er forresten sånn Tilapia?

Vidare står det i menyen at vi får Green Cabbage Curry Salad til forrett og White Coco Mango Blondie til dessert.

Nais!


..ja! Og så skal vi få frukost:
Assorted Fruit Yoghurt
White Roll
Freshly baked Croisant
Butter and Preserve

Så då lurer eg på om noon veit kva dei meiner me Preserve og White Roll...




PS! Både middagen og frukosten var tilnerma uspiseleg. Den vetle mannen du ser i bakgrunnen der, er ein foredragshaldar. Eg ser eit TED.com-foredrag på iPaden min, mens eg et middag :-)



Soloppgång over Nairobi.

Tips
Passet ditt er billetten din (om du vil). Innsjekking skjer på Internett eller på ein trykkfølsom skjerm på flyplassen. Mister du boardinpasset, kan du skriva ut nytt når du er i transit (mellomlanding).

Du treng ofte meir tid enn du trur! Sjekk inn tidleg.

Kontroller avgangen på skjermane som står rundt om på flyplassen med ein gong du mellomlandar på ein transit-flyplass!
Avgangar kan bli endra og flytta. Det er ditt ansvar å skaffa deg informasjon! Det som står på boardingpasset kan veldig gjerna vera utdatert.

Passkontrollkøar med mest vestlege går typisk dobbelt så fort som ein kø med mange ikkje-vestlege reisande.

Det hastar ikkje med å komma seg inn i flyet først. Ventetida før avgang blir uansett for lang. Men kjem du sist, får du kanskje ikkje plass til bagasjen i hattehylla.

Du blir tørst på lange flyreiser! Takk ja til så mykje vatn og jus du klarer, og spør om å få meir.

1 kommentar:

  1. Det er veldig fint med historiene dine og de fine bildene til.

    SvarSlett