mandag 30. mai 2011

Nydusja og klar til å dra til flyplassen

Då blir det ganske mange timar til neste gong eg ser ein dusj. Alt er vist klart no, og eg drar til flyplassen om litt. Då skal bagasje sjekkast inn og så skal det ventast...
Planen er å eta middag mens eg venter på flyet, for då har eg i det minsta noko matnyttig å drøya tida med.

Så i morgon tidleg er eg kanskje i Mwanza!

Weeeeeee..........

Skulle gjerna vert heima å hjelpt til, i dag....

Får melidng om at kollegaene mine sliter med tekniske feil i dag. Skulle gjerna vert heima å hjelpt til med reparasjonar og styr, men det går nok ikkje. Eg kryssar fingre og håpar dei får løyst problema, sånn at berørte kundar kjem raskt på nett igjen.

søndag 29. mai 2011

Statusoppdatering om pengestøtte

Pengane frå kommunen har ikkje dukka opp på kontoen enno, så eg får ta ein telefon til Ivan på økonomiavdeligna i morgon.

11 000,- er gitt i form av utstyr
4 000,- er gitt kontant
5 000,- er kome inn på bank-kontoen

Blandt dei siste som har gitt, finn vi:
Jarle Bryn - 200,-
Asle Frantzen - 200,-
..og 500,- som er pengar frå kles-sal på Frivilligsentralen (kjolar og klær som Trine etterlot, etter å ha solgt kjolar i gågato).

Når pengane frå kommunen er på plass, har vi kome opp i ein total på kr. 25 000,-

Hurra!
Hurra-hurra-hurraaaaa!!!

Brunost til kvelds og til frukost

Kanskje er det meir enn to veker til neste gong eg får smaka brunost, no?
Lika best å ha brunost som pålegg på dei siste måltida før avreise, då :-)
Eg lagar meg såfall to grovbrødskiver med Synnøve Finden sin Gudbrandsdalsost no, og skal nyta smaken :-)

Søskenebarntreff gav 3 500,-

Det har vert eit søskenebarntreff i Bay-slekta med ulike aktivitetar, sal og kronerulling. Til saman kom det inn kr. 3 500,- som Reidun har teke vare på.

Veldig kjekt at så mange gjev så mykje!

Dette opnar opp for fleir mogelegheiter og aktivitetar i samband med Internettkaféen.
Tusen takk :-)

Kredittkort og bank-ting

DnB NOR-kortet mitt er opent for bruk i heile verden, mens Visa-kortet i Sparebanken Vest var sperra for bruk utforbi Noreg.

No har eg vert innom nettbanken og sagt at SPV-kortet også skal kunne brukast i Afrika.

Elles har eg med meg eit Gebyrfri Visa-kort, som eg kan overtrekka om det skulle bli naudsynt.

Ja.. og passet!
Eg har hugsa passet, og det er ikkje utgått! :-)

På plass i Bergen

Då er eg på plass i Bergen.
Eg prøvde å sjekka inn bagasjen på Flesland no i kveld, men det gjekk ikkje med KLM. F.eks. lar SAS oss sjekka inn bagasjen dagen før, men KLM er ikkje på plass før to timar før avreise.

Elles har eg 8,5 kg med handbagasje og 2 x 23 kg med bagasje som skal sjekkast inn.

Pakking

Då har eg endeleg komt i gang med pakking. Eg tar hintet, og vel å dra på den eine bærbare datamaskina i handbagasjen. Den andre går i Flight Casen og den 3. går med Reidun og dei.

Utstyrskofferten blei sjølvsagt for tung og det blei eit reknestykke for å få ut akkurat rett mengde utstyr.

Til slutt visar bagasjevekta rett opp under 23 kg, og eg håpar å sleppa spørsmål og diskusjon i innsjekking og evt. transitt.

For alt eg veit, må eg ta bagasjen ut når eg kjem til Nairobi, og då er det greitt å halda seg innforbi grensene som står på billetten.


For å fylla plassen til utstyret eg tok ut, fann eg ut at eg kunne bruka vakumeringsmaskina mi. Eg sveiser igjen den eine enden, blåser luft inn og sveiser igjen den andre. Heilt utan bruk av vakum-funksjonen.




Resultatet blei ganske så greit:

Dokumentasjon av serienummer

Eg tenkte det kanskje var lurt å dokumentera serinummera på datautstyret. Vidare er det kanskje ikkje den luraste ting i verda å offentleggjera alt dette, men om eg legg det her, så kan dei som skulle måtte trenga nummera veldig enkelt kunne finna det.

Eg kryssar fingre og håpar ingen andre missbrukar desse nummera.

Det er altså tre datamaskiner som no er sett opp med engelsk Windows. Alle tre har fått installert og oppdatert antivirusprogram frå Microsoft, og alt av oppdateringar er lasta ned og installert.

lørdag 28. mai 2011

Koffert nr. 2 på plass!

Då fekk eg ordna med ein mjuk koffert med lett vekt og maks volum. No gjenstår det å finna ut kva som går kvar, utan at det blir overvekt.

Thor Helge har akkurat vert ute å reist, og fortel at han blei presentert for eit gebyr på 90 USD ved overvekt.
Det er langt rimelegare med eit 3. kolli, faktisk.

Kensington-lås til sikring av utstyr

Eg fekk kjøpt inn nokon låsevaiere til bruk i bærbare datamaskiner sin Kensington-låseplugg. Dette er eit lite spor eller hakk i sida av den bærbare Windows-PCen din, som er sikra med ei lita stålplate på innsida.

Her kan du låsa maskina med den her type vaier.

Det skal vera umogeleg å knakke av låsen i sjølve maskina, så om nokon skal stela den, må dei nesten klyppa eller saga over vaieren.

Ulempa med denne løysinga, er at ein mister nøkkelen.
Vi får sjå... kanskje går det bra :-)

Utstyret er kjøpt inn og donert av HardangerNett

Tips: Ta vekk vidarekopling til mobilsvar

Då har eg fått eit knakande godt tips om rett og slett å kopla vekk vidarekoplinga til mobilsvaren. Problemet er at eg (eller arbeidsgjevaren min) må betala skamdyre teljarsteg for at folk legg igjen melding på svararen min. Samtalen går liksom frå norge til Tanzania og vidare tilbake til NetCom som spelar inn meldinga på mobilsvaren. Resultatet blir skamhøge telefonrekningar.

Rimelege hodesett til sal i kaféen

Eg kom over nokon rimelege hodesett som eg tenkte kanskje kunne selgast til kundane i kaféen. Det var tilbodsvarer frå ein av leverandørane til HardangerNett og dei kosta nokon tiarar per par.

Kvaliteten skal vera veldig god, og dei kan kanskje koma til nytte.

Dei er såfall heilt nye.

Innbruddsalarm og stiftar blei sponsa

Heidi M. Tverdal kom med to innbruddsalarmting, samt kabelstiftar til opphenging av kablar. Eg fekk ikkje lov til å betala for dette, for det var Heidi sitt bidrag til prosjektet.

Kr. 377,50 i støtta!

Tusen takk til Heidi!

Oppblåsbar nakkestøtta

Her er enno ein ting som eg aldri før har prøvd. Det er ei oppblåsbar nakkestøtta eller puta. Den tek liten plass og veg lite. Flyet frå Amsterdam går om natta, og eg må uansett sova. Så då får eg testa ut om desse oppblåsbare greiene, som eg ser mange på reise har med seg, faktisk fungerer.